– Fråværsgrensa er ein dytt i ryggen

NØGDE: Hermann Schmider (t.v.) går studiespesialiserande på Hafstad vgs, medan Håvard Sætre (t.h.) går elektro på Mo og Øyrane vgs. Dei seier meiningane blant elevane knytt til fråværsgrensa er litt splitta, men at resultatet av innstramminga er positiv.

NØGDE: Hermann Schmider (t.v.) går studiespesialiserande på Hafstad vgs, medan Håvard Sætre (t.h.) går elektro på Mo og Øyrane vgs. Dei seier meiningane blant elevane knytt til fråværsgrensa er litt splitta, men at resultatet av innstramminga er positiv. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

10-prosentregelen har bidrege til mindre fråvær i dei vidaregåande skulane. Men fråværsdokumentasjonen er framleis ein stressfaktor, meiner elevar.

DEL

Håvard Sætre, nestleiar i elevrådet ved Mo og Øyrane vgs., og Hermann Schmider, som er elevrådsleiar på Hafstad vgs., fortel at det var utfordringar knytt til det nye regelverket ved inngangen til skuleåret.

– I byrjinga var det litt panikkstemning. Mange elevar trudde dei skulle stryke, seier Sætre.

– Det var veldig mykje diskusjon og klaging blant elevane. Mange overdreiv og sa dei ville bli blakke av å gå til legen, at dei kom til å spy på skulen, og at det kom til å stele mykje tid. Men folk har blitt vande med regelen no, seier Schmider.

Når dei ser tilbake på skuleåret som har gått, er dei likevel samde om at det har gått overraskande bra etter innføringa av 10-prosentregelen.

Ned 40 prosent

Sogn og Fjordane kom ut med eit godt resultat då Utdanningsdirektoratet la fram førebelse fråværstal for skuleåret 2016–2017. På landsbasis har fråværet gått ned 40 prosent for dagar og 33 prosent for timar. Det typiske fråværet i Sogn og Fjordane var tre dagar og seks timar per elev, mot fire dagar og ti timar førre skuleår. Mo og Øyrane vgs. kjem best ut i fylket med eit snitt på to dagar og seks timar.

– Dei nye fråværsreglane har utan tvil bidrege til mindre fråvær. At elevane er til stades er positivt. Samstundes opplever både elevar og lærarar byråkrati knytt til reglementet. Det går mykje tid med til å handheve det, seier assisterande fylkesdirektør for opplæring Tor-Einar Holvik Skinlo.

Oversikt førebelse tal

Statistikken syner median dagar og median timar fråvær.

Dale vgs: 2 dagar og 6 timar (140 elevar)

Firda vgs: 2 dagar og 10 timar (283 elevar)

Flora vgs: 4 dagar og 8 timar (495 elevar)

Hafstad vgs: 3 dagar og 8 timar (442 elevar)

Høyanger vgs: 2 dagar og 8 timar (128 elevar)

Mo og Øyrane vgs: 2 dagar og 4 timar (422 elevar)

Kjelde: Statistikkportalen

Får folk opp frå senga

Elevrådsrepresentantane ved dei to førdeskulane meiner det er utelukkande positivt at fråværet har gått ned etter innstramminga av fråværsreglane.

– Mitt inntrykk frå det som har blitt tatt opp i elevrådet, er at fråværsgrensa i seg sjølv er ei positiv ordning. Den har vore ein dytt i ryggen, seier Sætre. 

– Det har ført til at «latsabbane» kjem seg opp frå senga, og komme seg på skulen. Kanskje har elevane også fått høgare toleranse: Ein blir ikkje lenger heime for bagatellar, som litt vondt i magen eller hovudet, seier Schmider.

Dokumentasjon – ein stressfaktor

Sjølv om det er flott at elevar har mindre fråvær, meiner elevane framleis at regelverket er tungvint.

– Det er unødvendig komplisert og tidkrevjande å dokumentere fråvær, seier Sætre.

– Rett og slett ein stressfaktor, legg Schmider til.

Les også: No spring elevane til timen for å unngå fråvær

Etter innføringa av dei nye fråværsreglane frå og med hausten 2016, kan elevane i utgangspunktet ikkje vere vekke i meir enn 10 prosent av timane i eitt fag. Dersom ein elev er ute av timen på grunn av ein rett elevane har, blir det ikkje rekna som fråvær. Men alt anna fråvær må dokumenterast for at det skal vere gyldig og haldast utanfor fråværsgrensa.

– Det er mykje dokumentasjon som må leggast fram. Når elevar nærmar seg fråværsgrensa, skal dei få varsel, og når dei overstig grensa, blir det oppretta eit enkeltvedtak. Det er mykje dokumentasjonsjobb også for skulen. Dermed kan reglementet vere ein tidstjuv, fordi det tek tid ein tidlegare har brukt på andre ting, seier Skinlo.

Elevrådsrepresentantane håpar det i framtida kan bli enklare å få fråværet dokumentert. Dei nemner løysinga om gratis helsetilbod for elevane på Flora vgs.

Problem i nokre fag

Dei førebelse tala frå Utdanningsdirektoratet syner at Sogn og Fjordane er det fylket som har færrast elevar som ikkje har blitt vurdert i minst eitt fag. Her i fylket er det 1,1 prosent av elevane som ikkje har hatt grunnlag for vurdering, medan det på landsbasis er 3,1 prosent. Når det gjeld elevar som ikkje har blitt vurdert i berre eitt fag, så kjem Sogn og Fjordane best ut i den statistikken også, med 0,6 prosent, mot eit nasjonalt snitt på 1,3 prosent.

– I til dømes gym – som ein har få timar av i veka og gjerne berre ein dobbelttime – kan fråværsgrensa vere ei utfordring. Ein skal ikkje vere mykje vekke for å stå i fare for å ikkje bli vurdert, fortel Sætre.

– Eg var vekke éin gymtime og fekk 4 prosent fråvær i faget. Ordninga fungerer greitt generelt, men i nokre fag er det problematisk, seier Schmider.

God oppfølging

Elevrådsrepresentantane fortel at dette er ei sak som har engasjert elevane gjennom heile skuleåret.

– Det er framleis splitta meiningar knytt til 10-prosentregelen, seier Schmider.

Les også: Takk for at de gjer siste utveg til plan A

Nestleiaren ved Mo og Øyrane vgs. synest oppfølginga frå lærarane si side har vore veldig god.

– Situasjonen roa seg etter vi fekk tilstrekkeleg informasjon på skulen. Lærarane har vore flinke og veldig involverte. Dei har heile tida fortalt korleis vi ligg an, og oppfordra oss til å sjekke fråværet på skulearena på nett, fortel Sætre.

Få sluttar på skulen

I løpet av skuleåret 2016–17 slutta 2,3 prosent av elevane på dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Det er ein liten auke frå året før, og tilbake til nivået for to år sidan. Likevel er prosentdelen som sluttar i Sogn og Fjordane, den lågaste i landet. På landsbasis slutta 4 prosent av elevane.

– Dei tilsette på dei vidaregåande skulane er tettare på elevane enn nokon gong. Når eleven står i fare for å slutte, blir det sett i verk tiltak for å hjelpe han eller ho, seier Skinlo.

– Det kjem alltid til å vere elevar som droppar ut i løpet av skuletida, seier Schmider.

– Men sjølvsagt er éin elev som droppar ut, éin for mange, legg Sætre til.

Les også: Sogn og Fjordane toppar skulestatistikk

Artikkeltags