Fleire søker yrkesfag enn tidlegare

POPULÆRT: Fleire og fleire søker yrkesfag enn tidlegare.

POPULÆRT: Fleire og fleire søker yrkesfag enn tidlegare. Foto:

Meir enn ni av ti søkarar har fått tilbod om skuleplass etter at fylkeskommunane har gjennomført sine førsteinntak til vidaregåande opplæring. Fleire enn tidlegare søker yrkesfag.

DEL

I år er det 800 fleire søkarar til yrkesfag enn til studieførebuande på Vg1. Det melder Kunnskapsdepartementet om i ei pressemelding.

– Norge treng fleire dyktige fagarbeidarar, og det er gode nyheiter at yrkesfaga fortset å vere populære, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Over halvparten søker yrkesfag

I Sogn og Fjordane har det vore ein auke i søkartal til dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. I år var 56,6 prosent av søkarane på Vg1 yrkesfaglege søkarar. Dette er ein auke på 1,6 prosent frå året før.

I fylket er studiespesialisering den linja som har flest søkarar, med helse- og oppvekstfag på andre plass. Elektrofag er den linja som har hatt størst auke samanlikna med tidlegare år.

– Vi ønsker at fleire skal velje yrkesfag, og har derfor sett i gang fleire tiltak. Det er like viktig å ha eit fagbrev som å ha ein mastergrad, og moglegheita er mange om du vel yrkesfag, seier Sanner i pressemeldinga.

Framleis store kjønnsforskjellar

På landsbasis har det vore ein sterk auke i gutar som ønsker seg til Vg1 helse- og oppvekstfag dei siste ti åra, opp frå 13 prosent i 2009 til 21 prosent i 2019. Dette betyr at elevane vel mindre tradisjonelt enn tidlegare. Likevel er det framleis ei stor overvekt av jenter som søker helse- og oppvekstfag, og stor overvekt av gutar som søker bygg- og anleggsfag, elektrofag og teknikk og industriell produksjon.

– Helse og omsorgsyrka treng både jenter og gutar med kalde hovud og varme hender, så det er positivt at fleire gutar no søkjer til desse linjene. Eg håpar ungdommane tar val basert på interesser og ønsker, og ikkje ut ifrå kva samfunnet forventar av dei, seier Sanner i pressemeldinga.

Artikkeltags