Barneskulelærar sikta for vald mot elev

Ein gymlærar frå fylket er sikta for vald.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Ein gymlærar på ein barneskule i Sogn og Fjordane er sikta for fysisk vald mot ein elev, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Læraren meiner han ikkje har gjort noko straffbart.

Sist haust

Den påståtte valdsepisoden skal ha skjedd i august i fjor. Læraren blir skulda for å ha lagt eleven i bakken og halde han der med ansiktet ned mot golvet. Vidare blir det hevda at læraren drog eleven over golvet i gymsalen etter hetta på genseren.

Læraren har vore inne til avhøyr hos politiet.

NRK skriv at dei er kjende med at læraren har ei anna oppfatning av det som har skjedd. Han avviser at han skal ha vore valdeleg.

Er blitt skriftleg åtvara

Etter episoden han no er sikta for er læraren også skulda for å ha komme med krenkande kommentarar mot fleire andre elevar.

Rektoren ved skulen seier til NRK at dette vert handsama som ei personalsak, og at læraren har fått ei skriftleg åtvaring.

I samråd med kommuneadvokaten og administrasjonen i den aktuelle kommunen, har rektoren likevel komme fram til at det ikkje er grunnlag for å suspendere eller å seie opp læraren.

Advokaten til læraren ønsker ikkje å kommentere saka til NRK Sogn og Fjordane.

Artikkeltags