Berre eitt fylke er betre enn Sogn og Fjordane til å skaffe lærlingplassar

F.v. Ling Ji Zeng, John Ove Grov - dagleg leiar opplæringskontoret for hotell- og matfag, og Marius Hoff Sørdahl, lærling hos Florø Restaurantdrift.

F.v. Ling Ji Zeng, John Ove Grov - dagleg leiar opplæringskontoret for hotell- og matfag, og Marius Hoff Sørdahl, lærling hos Florø Restaurantdrift. Foto:

UTDANNING: Fire av fem som søkte læreplass i Sogn og Fjordane fekk kontrakt innan utgangen av 2018.

DEL

Det er nest best i landet, like bak Rogaland, opplyser Sogn og Fjordane fylkeskommune på sine nettsider.

Læreplass-tala er omtala av Firdaposten.

Ved nyttår var det ifølgje Utdanningsdirektoratet registrert 829 søkjarar og 665 lærekontraktar. Det vil seie at 80,2 prosent av søkarane i fylket fekk lærekontrakt. På landsbasis var talet 74 prosent.

Sidan statistikken starta i 2011, har både talet på søkarar og delen som får lærekontrakt, auka. I 2016 var det til samanlikning registrert 770 søkjarar i Sogn og Fjordane, og 71 prosent hadde lærekontrakt ved utgangen av året.

– Dette er gledelege tal for både lærlingane og næringslivet i fylket. Det viser resultata av eit langvarig og godt samarbeid mellom bedrifter, skular, opplæringskontor og fylkeskommunen, seier fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim.

Tal frå utdanningsdirektoratet viser òg at 78,9 prosent av yrkesfagelevane på Vg2 i Sogn og Fjordane gjekk vidare til opplæring i bedrift eller Vg3/påbygg i 2018. Det er ein vekst på meir enn 10 prosentpoeng sidan 2014.

Også på denne statistikken kjem Sogn og Fjordane nest øvst i landet, bak Vest-Agder. Landsgjennomsnittet er 75 prosent.

- Før var det rift om lærlingplassane, no er det rift om lærlingane

Tobias frå Svelgen tok gull i yrkes-NM sjølv om dreiebenken havarerte

Elektriske jenter 

Artikkeltags