Skatteoppgjeret er klart: Fleire i fylket får restskatt enn året før

FLEIRE FÅR RESTSKATT: Skatteoppgjeret for 2017 er klart. 7. november kjem alle tala, men allereie no kan Skatteetaten melde at fleire enn året før får restskatt i Sogn og Fjordane.

FLEIRE FÅR RESTSKATT: Skatteoppgjeret for 2017 er klart. 7. november kjem alle tala, men allereie no kan Skatteetaten melde at fleire enn året før får restskatt i Sogn og Fjordane. Foto:

SKATTEOPPGJERET: Det endelege skatteoppgjeret for 2017 er klart. Her får du ein peikepinn på korleis oppgjeret gjekk i fylket, men for eige oppgjer må du vente til 7. november.

DEL

Samanlikna med 2016 får fleire skattytarar i Sogn og Fjordane pengar igjen på skatten. Det kjem fram i ei pressemelding frå Skatteetaten.

Skatteoppgjeret viser resultatet av Skatteetaten si behandling av skattemeldinga, og om skattytar har betalt for mykje eller for lite skatt i løpet av inntektsåret 2017.

I Sogn og Fjordane får 70.315 skattytarar pengar igjen på skatten. Totalt dreier det seg om i overkant av 924 millionar kroner, noko som gjennomsnittleg er 13.143 kroner på kvar. Til samanlikning hadde 69.614 skattytarar året før i gjennomsnitt 12.418 kroner til gode.

Auke i restskatt

Fleire skattytarar i Sogn og Fjordane får restskatt samanlikna med i fjor. 14.638 personar må til saman betale 370 millionar i restskatt. Dette er eit snitt på 25.293 kroner. I fjor fekk 14 479 personar ein total restskatt på 311 millionar kroner, som i snitt gav restskatt på 21.502 kroner.

I Flora har 7.544 skattytarar i gjennomsnitt 13.499 kroner til gode, mens 1.531 personar i gjennomsnitt må betale 21.532 kroner i restskatt.

I Førde får 7.734 skattytarar 12.430 kroner igjen på skatten, mens 1.857 personar må betale 24.561 kroner kvar i restskatt.

Tal frå alle kommunar og frå tidlegare år finn du på skatteetaten.no.

Du kan endre sjølv

Med ny skatteforvaltningslov som kom i fjor, fastset du sjølv grunnlaget for skatten din når du oppgir inntekt, formue, gjeld og frådrag i skattemeldinga di.

− Oppdagar du noko som manglar eller er feil, treng du i dei aller fleste tilfella ikkje sende klage på skatteoppgjeret. No skal du endre desse opplysningane sjølv, og det kan du gjere opp til tre år etter leveringsfristen for inntektsåret 2017, seier Svein Arne Lindebjerg, seksjonssjef i Skatteetaten.

Endrar du opplysningar i skattemeldinga, fører det til ny skatteberekning.

Viktig å sjekke skattekortet

− I desember får du nytt skattekort, og det er viktig at du sjekkar at det er rett. Du bør også vere obs på om skattekortet ditt treng justering i løpet av året, for mykje kan endre seg i økonomien din på eitt år. Til dømes kan skifte av jobb eller endra sivilstand slå ut på skatteoppgjeret ditt. Eit mest mogleg rett skattekort er viktig for å få eit mest mogleg korrekt skatteoppgjer, seier Lindebjerg.

Artikkeltags