No kjem skattepengane - sjekk tala for din kommune

SKATT: Åtte av ti får skatteoppgjeret sitt torsdag.

SKATT: Åtte av ti får skatteoppgjeret sitt torsdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

ØKONOMI: 56.300 skatteytarar i Sogn og Fjordane får i dag ei gledleg melding frå Skatteetaten.

DEL

- Vi varslar deg på e-post eller SMS når skatteoppgjeret ditt er klart. Då kan du logge deg inn i Altinn for å sjå oppgjeret, seier avdelingsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal.

På landsbasis får åtte av 10 lønnstakarar og pensjonistar skatteoppgjeret sitt i dag.

Nesten 600 millionar

Tala for Skatt vest viser at 56.300 skattytarar i Sogn og Fjordane får 591 millionar igjen på skatten, medan 9700 må betale 129 millionar i restskatt. Gjennomsnittleg skatt til gode er 10.500 kroner og restskatt er 13.200 kroner.

− Ikkje alle får skatteoppgjeret sitt i juni. Det kan vere fordi du er næringsdrivande, er gift med ein som er næringsdrivande, eller at du er lønnstakar/pensjonist og leverte skattemeldinga på papir. Du får då skatteoppgjeret tidlegast 2. august, fortel Gjengedal.

Sjekk skattekortet

For å unngå restskatt neste år, ber Skatteetaten deg om å sjekke skattekortet. Dette kan påverke skatten din:

  • Du har betalt mindre renter enn berekna: Eit viktig frådrag er gjeldsrenter som du betaler i løpet av eit år (t.d. bustadlån). Dette er renter du har krav på frådrag på. Sjekk kva renter og gjeld Skatteetaten har tatt utgangspunkt i og rett dei i skattekortet viss det er feil.
  • Feil fordeling av bustadlånet: viss du er gift eller sambuar med felles gjeld kangjelda ha blitt rapportert berre på eine parten.
  • Endringar i livssituasjonen din: barnet ditt har slutta i barnehage eller skulefritidsordning eller du har blitt pensjonist.
  • Du har fleire arbeidsgjevarar og skatten har blitt trekt feil.
  • Du har gått frå å vere lønnsmottakar til å ha blitt pensjonist.
  • Du har høgare inntekt enn det som er oppgitt i prosentskattekortet (gjeld berre dei som har prosentkort).

Kommuneoversikt

KOMMUNESKATT TIL GODEANT. TIL GODESNITT TIL GODEÅ BETALEANT. BETALARARSNITT RESTSKATT
Flora73 363 1036 28111 68017 595 0801 14215 407
Gulen10 977 9981 1599 4722 432 43420811 694
Solund3 738 20233911 027951 5578411 328
Hyllestad9 448 67989810 5221 081 6581119 745
Høyanger21 869 1152 2709 6344 899 80734614 161
Vik10 666 8671 2708 3992 015 0022468 191
Balestrand6 370 1146719 4931 107 7919411 785
Leikanger11 502 4431 1969 6173 256 38418617 507
Sogndal43 833 4084 08010 74310 190 72070314 496
Aurland11 236 5381 11910 0421 533 4341868 244
Lærdal13 770 8371 32810 3701 755 6732277 734
Årdal34 335 3443 30510 3895 634 75853910 454
Luster24 526 0872 5189 7403 345 9804327 745
Askvoll14 126 0051 4219 9412 581 08022011 732
Fjaler12 473 8281 2669 8532 116 44320710 224
Gaular12 539 0961 3119 5653 803 38824515 524
Jølster12 688 3671 3989 0763 313 42927911 876
Førde66 602 1226 59110 10523 133 5031 33817 290
Naustdal13 103 0071 3199 9342 225 3382309 675
Bremanger18 450 9551 9349 5402 839 5133508 113
Vågsøy44 799 4743 29513 5966 042 54948512 459
Selje16 282 0671 37711 8245 967 72920429 254
Eid31 156 4432 89810 7515 870 15551511 398
Hornindal5 145 2245209 8951 326 57810712 398
Gloppen29 472 5852 79310 5524 434 7454509 855
Stryn38 869 4843 71710 4579 391 26961415 295

Artikkeltags