Har du fått purring på årsavgifta? Du er ikkje åleine

SLURV: 289.000 har enno ikkje betalt årsagifta på landsbasis. Flinkast til å betale er vi i Sogn og Fjordane. Biletet er brukt som illustrasjon.

SLURV: 289.000 har enno ikkje betalt årsagifta på landsbasis. Flinkast til å betale er vi i Sogn og Fjordane. Biletet er brukt som illustrasjon. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

BIL: 289.000 årsavgifter er ikkje betalt, men flinkast til å betale i tide er folk i Sogn og Fjordane.

DEL

Skatteetaten purrar i desse dagar på køyretøyeigarar som ikkje har betalt årsavgifta. Totalt skuldar køyretøyeigarar staten 733 millionar kroner.

Skatteetaten sende i februar i år ut 3,7 millionar krav om årsavgift, med betalingsfrist 20. mars. 289.000 av desse krava er ikkje betalt, og i år er det 7,64 prosent som ikkje har betalt årsavgifta innan fristen. I fjor var talet på 8,66 prosent, melder skatteetaten.

Folk i Sogn og Fjordane er flinkast

Køyretøyeigarar i Sogn og Fjordane er flinkast til å betale i tide. Der var det 5,53 prosent av årsavgiftskrava som ikkje var betalt innan fristen. I Finnmark er det 8,58 prosent som no får purring om betaling. Fylkes- og kommuneoversikta over purringane er no tilgjengelege.

Dei kan du sjå på Skatteetaten sine nettsider, i oversikta over kvart fylke og kvar kommune.

Frist 10. mai

Dei som får purring har enten ikkje betalt årsavgifta eller betalt avgifta for seint. I begge tilfelle må dei no betale tilleggsavgift. betalingsfristen er 10. mai. Etter det vil Statens innkrevjingssentral krevje inn ubetalte krav frå den som eigde bilen 1. januar i år. Det betyr at eigar kan få tvunge trekk i lønn eller trygd. Dersom ikkje alle avgifter er betalt innan fristen på purringa, vil du ta imot vedtak om avskilting i juni. Bilen blir då avskilta ved kontroll.

Artikkeltags