Fleire lause hundar i beiteområda enn tidlegare: – Få på plass informasjon!

ØNSKER NYE SKILT: Slik ser skilta ut no. Sogn og Fjordane Sau og Geit vil utvide reglane på desse, og ha dei på fleire språk.

ØNSKER NYE SKILT: Slik ser skilta ut no. Sogn og Fjordane Sau og Geit vil utvide reglane på desse, og ha dei på fleire språk. Foto:

Sogn og Fjordane Sau og Geit vil at kommunane gjer noko med problema rundt hund utan band på beiteområde.

DEL

– Vi ber om at kommunane tek tak i problema, og får på plass informasjon, på norsk, engelsk, tysk og russisk, skriv Sogn og Fjordane Sau og Geit (SFSG) i eit brev til dei ulike kommunane i Sogn og Fjordane.

Aldri før har Sogn og Fjordane Sau og Geit fått så mange meldingar om lause hundar i beiteområda som i år. No ber dei kommunen om å ta tak.

Problem for småfe og vilt

– Det som går att i meldingane som vi får i år, er at det er svært mange utlendingar har lause hundar, mellom anna frå Nederland, Tyskland og Austerrike, skriv organisasjonen i brevet.

Den generelle bandtvang perioden er frå 1. april til og med 20. august. I tillegg er det mange kommunar i Sogn og Fjordane som har vedteke utvida periode for bandtvang. Denne kan variere frå kommune til kommune.

Dei siste fem åra har 416 sauer landet over blitt tekne av hund. 15 av desse er i Sogn og Fjordane, der ei hending stammar frå i år.

– Lause problem i utmark er ikkje berre eit problem for småfe, men òg for vilt. I tillegg er det personar som er redd for hund, skriv organisasjonen dei i brevet.

Bekymra for smitte

– Eit anna problem, som vi får melding om er at dyra vert fôra av turistar, og at det i enkelte område ligg mykje avføring etter turistar. Bekymringa for husdyrhaldarane er smittefaren.

Ifølge organisasjonen skal hundar som vert tekne med inn til Norge vere vaksinerte mot rabies, behandla mot innvolsorm, vere ID-merka og ha pass.

– Men vi veit frå Mattilsynet og media at det ikkje er alle som har dette i orden, skriv dei i brevet.

Vil ha på plass skilt på ulike språk

I brevet til kommunane skriv Sogn og Fjordane Sau og Geit at kommunane må gjere noko med problema.

– Det må kome på plass informasjon på ulike språk om bandtvang, perioden det gjeld, forbod mot å fôre dyra, forbod mot å gjere frå seg i beiteområdet og forbod mot å tømme toalett frå bubilar.

Dette er informasjon organisasjonen vil ha på plass på alle overnattingsplassar, store rasteplassar og parkeringsplassar for populære turstiar.

– I staden for at kommunane lager kvar sin plakat, hadde det vore ein idé om Sogn og Fjordane Sau og Geit formar ut ein plakat som er lik for alle kommunane, slik at turistar og andre kjenner att plakaten når dei ser den, skriv Linn Hovlandsdal, fagkonsulent i landbruk i Gaular kommune, i eit brev tilbake til organisasjonen.

Artikkeltags