To fleire drap i 2019 enn i 2018

KRIM: Ei kvinne vart 15. november 2019 knivdrepen i Florø. Ein mann er arrestert og sikta for drapet. Dette var det andre drapet i byen i 2019.

KRIM: Ei kvinne vart 15. november 2019 knivdrepen i Florø. Ein mann er arrestert og sikta for drapet. Dette var det andre drapet i byen i 2019. Foto:

Av

I 2019 etterforska politiet 26 drapssaker. Det er to fleire enn i 2018, men færre enn åra før. Heller ikkje i år blir nokon av sakene rekna som uoppklara.

DEL

To av sakene i 2019 har to offer kvar, noko som gjer at det totale talet på offer er 28, ifølgje oversikta til NTB basert på dei medieomtale drapssakene. I 2018 var det 25 drapsoffer.

– Vi har veldig få drap i Noreg. Av og til kan dei skje nær i tid eller geografi. Då får ein ei oppleving av opphoping. For å sjå om ei eventuell opphoping er ein reell auke eller ei tilfelle, ser vi på minst ti år av gongen. Det er nødvendig når vi har så få drap som i Noreg, seier drapsforskar Vibeke Ottesen til NTB.

Ingen «drapsbølgjer»

Ho meiner det ikkje går an å snakke om «drapsbølgjer» når ein auke på nokon få drap vil utgjere ein stor prosentdel.

Dei drapa det er færrast av i Noreg, er dei som er knytt til annan kriminalitet, understrekar Ottesen, som er gjesteforskar ved Universitetet i Oslo.

– Med den politikken vi har hatt i Noreg, som gir eit velferdssamfunn med moglegheit for sosial mobilitet, har vi klart å hindre ein del kriminalitet og dermed òg drap knytte til dette, forklarer ho.

1. januar skjedde det første drapet i 2019. Ei 49-årig kvinne vart funnen død etter ein bustadbrann i Haugesund, men obduksjonsrapporten viste at ho døydde av stikkskadar. Sambuaren hennar er dømd for drap og likskjending. I denne og tre andre saker i 2019 hadde den sikta, tiltalte eller dømde eit partnarforhold til offeret.

Drap på foreldre

I fire av sakene er den antatte gjerningspersonen son eller dotter av offeret eller offera. Slike saker går òg igjen i statistikken frå tidlegare år.

– Dette er ofte knytt til psykose eller psykisk liding, men ikkje nødvendigvis. Ein må gå inn og jobbe med denne gruppa dersom ein vil ha ned talet. Sjølv om vi har få drap, kan vi førebyggje vidare, seier Ottesen.

Dette handlar både om behandling og oppfølging, og forskaren meiner dei som bur med dei som endar opp som gjerningspersonar, i større grad må involverast i vurderinga av om eit behandlingstilbod verkar eller blir følgt.

– Ein må stille opp for kvarandre som medmenneske. Det er den beste måten å førebyggje drap i nære relasjonar. Offentlege styresmakter har ikkje den same kontakten med sårbare menneske og moglegheita til å førebyggje gjennom medmenneskelegdom, seier forskaren.

I tre av drapssakene er det konkludert med at gjerningspersonen var psykotisk og ikkje kan straffast med vanleg fengsel.

Tromsø-saka

I ei av drapssakene i 2019 er ei sudansk kvinne sikta for å ha tatt livet av to døtrer på fire og sju år, og dessutan for drapsforsøk på dottera på halvtanna år. Dei fire vart funne livlause i sjøen ved Fagereng i Tromsø, og kvinna sjølv døydde.

– Tromsø-drapet liknar det typiske barnedrapet i Noreg. Foreldre som skal ta livet av seg sjølv, tar med seg det kjæraste dei har, og då er barna sårbare, seier Vibeke Ottesen.

Kniv eller stikkvåpen er det vanlegaste våpenet som skal ha vorte brukt i drapssakene, medan det i tre av sakene skal ha vorte brukt stump vald.

I berre to av sakene i 2019 ser det ikkje ut til å ha vore noko samband mellom offer og antatte gjerningspersonar i førkant av drapssaka. Dette gjeld drapet på Bjørg Marie Skeisvoll Hereid (67) på ein gravlund i Haugesund og på Sigbjørn Sveli (44), som vart funnen død på Regestranden i Sola kommune i Rogaland.

Ifølgje Kripos er det ingen drapssaker som blir rekna som uoppklarte sidan 2012.

Fakta om drap i Noreg dei siste ti åra

Talet på drap i Noreg i perioden frå 2009 til 2019. Fram til 2018 er tala henta frå oversikta til Kripos, medan 2019-tala baserer seg på ei kartlegging NTB sjølve har gjort.

* 2009: 24 saker med 27 offer

* 2010: 28 saker med 31 offer

* 2011: 34 saker med 110 offer (talet omfattar òg terrorangrepa 22. juli)

* 2012: 30 saker med 30 offer

* 2013: 41 saker med 44 offer

* 2014: 28 saker med 28 offer

* 2015: 22 saker med 23 offer

* 2016: 27 saker med 29 offer

* 2017: 28 saker med 28 offer

* 2018: 24 saker med 25 offer

* 2019: 26 saker med 28 offer

Kjelder: NTB, Kripos

Artikkeltags