Kvikkas' arvtakar skal halde fram med å levere laurdagsaviser

VANN ANBODET: Selskapet «Easy2You«, tidlegare «Kvikkas», vann Samferdselsdepartementets anbodskonkurranse.

VANN ANBODET: Selskapet «Easy2You«, tidlegare «Kvikkas», vann Samferdselsdepartementets anbodskonkurranse. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

AVISLEVERING: Selskapet «Easy2You«, tidlegare «Kvikkas», skal ta seg av utdelinga av aviser på laurdag etter å ha vunne Samferdselsdepartementets anbodskonkurranse.

DEL

I februar inviterte departementet til konkurransen om ny kontrakt om laurdagsdistribusjon av aviser i område utan avisbodnett. Det kom inn to tilbod og berre tilbodet frå Kvikkas AS, som etter namnebyte i juni heiter Easy2You AS, oppfylte krava.

– Selskapet oppfyller dei krava staten, i forståing med representantar for avisbransjen, har sett til leveringskvalitet. Vi føler oss trygge på at selskapet skal halde fram med den gode kvaliteten, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Kontrakten gjeld for ein periode på 14 månader frå 10. november i år, og departementet skal ha opsjon på forlenging på ytterlegare 12 månader. Departementet tar sikte på at kontrakten blir signert i midten av juli.

Då Posten slutta med å dele ut post på laurdagar i 2016, sikra staten at distribusjon av laurdagsaviser i abonnement i område utan eigne avisbodnett skulle fortsetje. Sommaren 2016 inngjekk staten og Kvikkas ein kontrakt om distribusjon av laurdagsaviser fram til november i år.

Administrerande direktør Espen Slyngstad i Easy2You seier til Medier24 at kontrakten er verdt rundt 100 millionar kroner. På spørsmål om kva han vil seie til dei som kritiserte selskapet i byrjinga, innrømmer han at dei hadde ein trøblete oppstart, men legg til at leveringskvaliteten gjennom 2017 og 2018 har vore bra.

Generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for Lokalaviser seier også at selskapet leverte dårleg i starten, men at det er blitt betre.

– Det var heilt tragisk i starten og dei leverte ikkje godt nok. Avisene mista nok fleire tusen abonnentar, og det var mykje som ikkje fungerte. Det at dei vann anbodet no er heilt greitt, men vi følgjer med, seier han.

Artikkeltags