Redningsskøytene i Sogn og Fjordane har rykt ut på 69 oppdrag i sommar

AUKE OPPDRAG: Redningskøytene i fylket har hatt 44 prosent fleire oppdrag i sommar samanlikna med fjoråret. Her er redningsskøyta «Halfdan Grieg».

AUKE OPPDRAG: Redningskøytene i fylket har hatt 44 prosent fleire oppdrag i sommar samanlikna med fjoråret. Her er redningsskøyta «Halfdan Grieg». Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FYLKET: Aldri før har redningsskøytene måtte rykke ut så ofte i løpet av ei enkelt sommar. Oppgangen for Sogn og Fjordane er på heile 44 prosent.

DEL

– Vi har stort sett hatt eitt eller fleire oppdrag kvar einaste dag. Generelt har dei fleste oppdraga våre vore knytt til motorhavari. Det er mange båtturistar som rundar Stad som har fått tette filtre eller køyrt propellen over eit skjær, seier Geir Antonsen, skipper på redningsskøyta «Halfdan Grieg» i ei pressemelding.

Han fortel at dei har mange telefonar frå lettare nervøse båtfolk som skal krysse Stadhavet.

– Folk har stor respekt for Stadhavet, og det er betre at dei ringer oss for tidleg enn for seint. Det er mange turistar og båtfolk på heimreise som rundar Stad og får tette filter fordi bølger rister opp ureiningar frå botnen av tanken. Det kan bli skummelt, seier Antonsen.

Auke i utrykkingar

2018-sommaren har vore prega av godt vêr og høg aktivitet på sjøen over heile landet. Det merkast godt for redningsselskapets 51 redningsskøyter. Samanlikna med 2017 viser tala ein oppgang på 17 prosent eller 510 oppdrag mellom mai og august.

Tal oppdrag 1. mai til 31. juli 2018:

Stasjonsnamn Tal oppdrag totalt Tal søk- og redningsoppdrag Tal fartøy berga Tal fartøy assistert Tal grunnberøringar Tal brannsløkking Tal framdriftshavari
Måløy 51 7 0 49 2 1 15
Mongstad 18 3 0 17 2 0 12
Sum 69 10 0 66 4 1 27

Tal oppdrag 1. mai til 31. juli 2017:

Stasjonsnamn Tal oppdrag totalt Tal søk- og redningsoppdrag Tal fartøy berga Tal fartøy assistert Tal grunnberøringar Tal brannsløkking Tal fremdriftshavari
Måløy 18 4 1 18 2 0 15
Florø 24 4 0 19 3 0 13
Mongstad 3 0 0 2 0 0 2
Sum 48 9 1 42 6 0 31

Fylkesvis fordeling av oppdrag mai til og med juli 2018:

Fylke Tal oppdrag totalt Tal SØK- og redningsaksjonar Tal fartøy berga Tal fartøy assistert Tal grunnberøringar Tal framdriftshavari
Finnmark 94 14 2 65 2 38
Troms 47 11 4 40 2 19
Nordland 206 44 1 160 5 84
Trøndelag 113 18 2 118 12 50
Møre og Romsdal 178 27 2 156 10 99
Hordaland 230 35 4 217 12 138
Sogn og Fjordane 69 10 0 66 4 27
Rogaland 203 41 2 182 10 126
Agder 378 68 6 343 41 197
Telemark, Vestfold, Østfold 1283 358 13 1193 116 729
Buskerud og Akershus 642 75 2 598 33 411
Hedmark og Oppland 53 7 3 51 4 30
Sum 3496 708 41 3189 251 1948

For Sogn og Fjordane sin del er oppgangen på heile 44 prosent. Totalt har dei tre redningsskøytene i fylket rykka ut på 69 oppdrag, mot 48 sommaren 2017. Her har berre 4 båtar hatt behov for assistanse etter grunnstøyting.

Haldningar og kunnskap

Dei styggaste ulykka har det vore få av skriv Redningsselskapet. Men totalt har nesten 3200 båtar hatt behov for assistanse.

–Det er viktig at den enkelte har eit bevisst forhold til risiko og sikkerheit forbundet med det å ferdast på sjøen. Den enkelte må tileigne seg kunnskap om korleis man ferdast på sjøen, og kjenne sin egen båt godt, for å unngå potensielt farlege situasjonar, seier beredskapssjef i Redningsselskapet, Ronny Jåsund-Pedersen.

Artikkeltags