Ein person teken av 100 meter breidt snøras

Det gjekk eit ras frå topptur-fjellet Togga torsdag.

Det gjekk eit ras frå topptur-fjellet Togga torsdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FYLKET: Men vedkommande kom seg laus sjølv.

DEL

– Raset gjekk ved Togga i Sogndalsdalen, seier operasjonsleiar Per Rimmen, ved Politiet Vest i Florø.

Politiet fekk melding om raset klokka 10.40, og det var to personar i området då raset gjekk.

Raset var om lag 100 meter breitt, og ein av personane som var i området vart teken av raset.

– Vedkommande kom seg laus på eigen hand, opplyser politiet i Sogn og Fjordane.

Raset skal ha blitt løyst ut av dei to, og det skal vere stor rasfare i området.

Sjokka, men i god behald

I Sogndal startar Fjellsportfestivalen i går, og dermed er det mange som trekker til fjells.

– Det var ein ekkel start på festivalen, men samtidig var det ei påminning om at vi lyt tenkje på tryggleiken, seier Kari-Anne Kirsebom Strandman, tryggleiksansvarleg i Fjellsportfestivalen.

Ho fortel at det var dramatisk i minutta etter at skredet gjekk, men at dei heldt fekk prøvt rutinane sine, og at naudetatane vart varsla tidleg.

– Dei to som løyste ut skredet var funne, og etter samtalar og undersøkingar frå naudetatane vart det klart at dette hadde gått bra. Dei skal vere ganske sjokka etter opplevinga, men i god behald, seier Strandman.

Festivalarrangør åtvarar

Mange av deltakarane på festivalen i Sogndal nyttar høvet til å gå toppturar i området, og arrangørane er klar på at tryggleiken må vere i fokus.

– Dei fleste går turar på eigen hand, så vi har ikkje høve til å kontrollere det. Men vi informerer på dei måtane vi kan, både gjennom sosiale kanalar, media og på samlingar her. Heldigvis er det auka kunnskap om skred i topptur-miljøet, seier Strandman til Firda.

Så om du har tenkt deg på topptur dei neste dagane, er oppfordringa klar:

– Sett deg inn i korleis tilhøva er. Sjekk skredfaren på varsom.no, og meld ifrå om du ser noko.

– Sjølv om du veit at det ikkje ligg nokon i skredet, er det ikkje sikkert nestemann gjer det, seier Strandman.

Artikkeltags