Vil løyve 25 millionar for å få ned utsleppa frå hurtigbåtar

HYDROGEN: Slik ser den første hydrogendrivne hurtigbåten ut, som Brødrene Aa i Hyen skal bygge. Planen er at den skal sjøsettast i 2022.

HYDROGEN: Slik ser den første hydrogendrivne hurtigbåten ut, som Brødrene Aa i Hyen skal bygge. Planen er at den skal sjøsettast i 2022. Foto:

Regjeringa foreslår å løyve 25 millionar kroner å få ned klimagassutsleppa på dei fylkeskommunale hurtigbåtane.

DEL

– Høgre, FrP, Venstre og KrF har ambisjonar om å halvere utsleppa frå skipsfarten innan 2030. Vi har hatt ei formidabel utvikling i nullutsleppsferjer som eit resultat av at staten og fylkeskommunane har stilt miljøkrav i offentlege anbod. Dette har vore ein suksess med tanke på å få ned klimagassutsleppa, ikkje minst i vårt fylke. No ønskjer vi at hurtigbåtane skal følge etter, seier Frida Melvær i ei pressemelding.

Ut på anbod

I tida framover skal alle 17 hurtigbåtsamband ut på anbod i Sogn og Fjordane med kontraktar som skal vare fram til 2022. 

Regjeringa foreslår å løyve 25 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett til ei midlertidig øyremerkt satsing i Klimasats, som skal fremje null- og lågutsleppsteknologi i fylkeskommunale hurtigbåtsamband.

– Dette vil legge til rette for at vi på sikt kan sjå den same positive utviklinga for hurtigbåtar som for ferjer, seier Melvær i pressemeldinga.

FØREGANGSFYLKE: Frida Melvær håpar Sogn og Fjordane no også vil bli eit føregangsfylke innan hurtigbåtsektoren.

FØREGANGSFYLKE: Frida Melvær håpar Sogn og Fjordane no også vil bli eit føregangsfylke innan hurtigbåtsektoren. Foto:

Satsinga på hurtigbåtar som no vert lansert er ein del av arbeidet med regjeringa sin handlingsplan for grøn skipsfart.

– Hurtigbåtane er dei mest forureina transportformene vi har i dag, og berre dei åleine står for halvparten av fylket sitt klimagassutslepp. Ved å få desse båtsambanda til å gå på enten el-batteri eller hydrogen, gjer på den eine sida at vi får redusert utsleppa kraftig i Sogn og Fjordane og vi får stimulert dei miljøa i fylket som jobbar med slik teknologi.

Det seier Atle Hamar, statssekretær i klimadepartementet, og peikar på selskap som The Fjords, Flåm Utvikling, Brødrene Aa og Arena-klynga Ocean Hyway i Florø.

Søke om støtte til prosjekt

Gjennom Klimasatsordninga kan kommunar og fylkeskommunar søkje om støtte til prosjekt som reduserer utslepp av klimagassar og som bidreg til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Fylkeskommunen sitt behov for kompetanse, planar, tekniske utgreiingar mv. vil også kunne få støtte.

– Eg håpar Sogn og Fjordane fylkeskommune vil nytte seg av denne satsinga og bli eit føregangsfylke også på hurtigbåtsektoren, seier Melvær i pressemeldinga.

Hamar fortel at regjeringa har eit mål om å halvere utslepp på alle skip, men grunnen til at det no blir fokusert på hurtigbåtane, er at alle desse no skal fornye anboda sine.

– Sjølv om ei slik omstilling vil koste fylkeskommunen meir i starten, vil denne drifta over tid bli billigare. Det er erfaringa har Fjord1-leiinga har delt med oss, seier Hamar.

Artikkeltags