– Hadde grensa for bortebuarstipend vore lenger då eg gjekk på vidaregåande, så hadde ikkje eg vore på Stortinget i dag

Tore Storehaug

Tore Storehaug Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BUDSJETT: Tore Storehaug (KrF) er godt nøgd med det meste etter at budsjettforhandlingane no er i hamn.

DEL

– Eg føler vi har fått til ting som er viktige for oss, og for Sogn og Fjordane, seier Storehaug.

Han fortel at det er sett av 2 millionar til Barnehus i Sogn og Fjordane, at UWC får tre millionar, men at dei dessverre ikkje klarte å få inn Vik fengsel denne gongen heller.

– Vi har også fått gjennom at avstandsgrensa for bortebuarstipend framleis skal vere 40 kilometer, og ikkje aukast til 60, slik det låg inne i regjeringa sitt budsjettforslag. Dette har også Venstre kjempa for, seier Storehaug.

Les også: Evy får to timars reise dagleg til skulen om stipendreglane blir endra

Han seier dette er veldig viktig i eit fylke som Sogn og Fjordane, der dårlege vegar og dårleg kommunikasjon gjer det svært slitsamt for mange å pendle.

– Sjølv er eg oppvaksen rett i overkant av fire mil frå Førde. Og hadde eg ikkje fått stipend og kunne bu på hybel, så trur eg ikkje at eg hadde vore på Stortinget i dag, seier Storehaug.

Dei tre millionane som er sett av til UWC skal gå til rehabilitering av bygningar. Det er ikkje gjort noko med bygningane sidan UWC vart bygd på 1990-talet.

Meir om budsjettet:  

  Innfører grense for kor mange elevar det kan vere i klasseromma

Artikkeltags