Gler seg over oppgåver for 25 milliardar kroner

POSITIV: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp) og fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun får truleg fleire oppgåver å fordele, før fylka vert slått saman i 2020.

POSITIV: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp) og fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun får truleg fleire oppgåver å fordele, før fylka vert slått saman i 2020. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITIKK: – Det fører til at vi sjølv vere med å styre framtida vår, seier fylkesordførar Jenny Følling.

DEL

Eit ekspertutval føreslår å flytte 5000 arbeidsplassar til fylkeskommunane. Det gleder fylkesordførar Jenny Følling.

– Eg synest utvalet har gjort eit grundig arbeid. Dette er ei demokrati-reform som flyttar oppgåver ned til folkevalt nivå. I tillegg til dei oppgåvene fylka allereie har fått vil dette gje ei kraft i regionane, seier Følling.

Forslaga frå ekspertutvalet omfattar endringar innan nær sagt alle forvaltingsområde, med størsteparten innan næring, innovasjon og forsking, kultur, samferdsel og integrering og barnevern.

Fem statlege institusjonar vert føreslått nedlagt: IMDi, Kompetanse Norge, Statped, Distriktssenteret og Siva.

Får bestemme sjølve

Følling meiner dei nye oppgåvene som er føreslått vil styrke fylka si rolle i samfunnsplanlegginga.

– Dette fører til at fylka sjølv kan vurdere og prioritere. Problemet no er at forvaltninga går stykkevis og delt, dei nye oppgåvene vil gje oss eit meir heilskapleg ansvar, seier Følling.

Med dei nye oppgåvene vil ein kunne auke tal på arbeidsplassar, og dermed auke verdiskapinga i regionen, fortel Følling. Det vil bety mykje for fylket vårt, meiner ho.

JUBEL: Gunhild Berge Stang (V) meiner at rapporten viser at regionreforma har eit demokratisk potensial.

JUBEL: Gunhild Berge Stang (V) meiner at rapporten viser at regionreforma har eit demokratisk potensial. Foto:

– Kan desse nye oppgåvene hamne i Bergen?

– Hordaland og Sogn og Fjordane har ein intensjonsavtale der vi har fordelt oppgåvene mellom oss. Vi skal mellom anna ha ansvar for veg og kultur, og min ambisjon er at vi skal finne ei god fordeling av kommande oppgåvene også, svarar Følling.

Også fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang, er positiv til ekspertutvalet sine ambisjonar for dei nye regionane.

– Deira rapport syner at ligg eit stort demokratisk potensial i regionreforma og at regionnivået har ein viktig funksjon for maktspreiing, demokrati og regionalisering av oppgåver, seier Berge Stang i ei pressemelding.

Ber Stortinget følgje opp

Berge Stang meiner den årlege veksten i direktorata i større grad vil komme heile landet til gode når oppgåver vert flytta til regional folkevald styring.

– Regionreforma har vore utsett frå massive angrep frå Senterpartiet, Arbeidarpartiet og SV fordi dei meiner at den ikkje har lagt opp til tilstrekkeleg oppgåveoverføring. Om dei står ved kritikken sin, så forventar eg at desse partia no grip sjansen til å syte for at det blir den oppgåveoverføringa dei har bedt om, seier Stang.

Den 9. februar skal dei to fylka møtast og diskutere rapporten, som no skal ut på høyring i seks veker.

– Vi må kjempe for å få oppgåver til fylka, dette er vår einaste og viktigaste sak, og vi kjem til å kjempe med nebb og klør. Dette handlar om demokratiet vårt. Mi klare melding til stortingspolitikarane er at dei må fylle dei nye fylka med makt og myndigheit. No må Stortinget følgje opp og vedta overflyttinga, seier fylkesordføraren.

Desse oppgåvene er føreslått flytta:

Kultur: Institusjonar innanfor musikk, scenekunst og opera, som i dag ligg under Kulturdepartementet.

NAV: Oppgåver og verkemiddel knytt til karriererettleiing.

Klimaoppgåver: Klima- og miljøoppgåver som i dag ligg hos fylkesmannen, unnateke forureiningsområdet og oppgåver knytt til kontroll, tilsyn og klage.

Barnevern: Ansvar for barnevernsinstitusjonar, fosterheimar og adopsjon som i dag ligg hos Bufetat.

Integrering: Busetting av flyktningar, som i dag er styrt av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

Artikkeltags