– Dette er ein trend som har vart over tid. Det er mange andre statistikkar som heng saman med kriminalitet, som for eksempel rusproblem, kor fylket også skårar godt. Det er fleire samanhengar som gjer at eg trur dette gir riktig bilde, seier Arne Johannessen, leiar for politiets geografiske driftseining i fylket.

Stabile tal

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at Sogn og Fjordane i fjor hadde færrast sikta personar av alle fylka. Dette er både i absolutte tal og per 1000 innbyggar. Talet per 1000 innbyggarar er 11,24, mens i alt 1173 personar blei sikta i 2016.

Talet på sikta personar er forholdsvis stabil for fylket så langt statistikken går tilbake. Frå 2002 til 2016 blei mellom 10 og 15 personar per 1000 innbyggarar sikta.

Til samanlikning var 21,92 sikta per 1000 innbyggarar i Finnmark, som hamnar øvst på lista. Tilsvarande tal er 14,99 for heile landet.

– Er sogningane og fjordingane landets mest lovlydige innbyggarar?

– Ja, eg liker å tru det. Og eg trur dette speglar realiteten, seier Johannessen.

Takkar «nabokjerringa»

Johannessen trur årsakene er samansette, men peikar på busettingsmønsteret og samanhengen mellom kriminalitetsraten og urbanisering.

– I område som er meir grisgrendt har ein den uformelle sosiale kontrollen, det Gro (Harlem Brundtland, red.mrk.) kalla «nabokjerringa». Det skal ein ikkje undervurdere i eit førebyggande perspektiv. Det er enklare å gjere seg skuldig i kriminalitet kor folk er ukjente for kvarandre.

Gode på førebyggande arbeid

Johannessen meiner at politiet ikkje kan ta æra for dei gode resultata åleine. Han understrekar at kriminalitet heng saman med blant anna arbeidsløyse, rusproblematikk, psykiatri og skilsmisserate.

– Sogn og Fjordane er jamt gode på førebyggande arbeid. Vi har god samhandling mellom politi, kommune, Nav og barnevern. Konfliktrådet blir mykje brukt. Vi har eit system som fungerer bra, i forhold til andre plassar.

Låg terskel for etterforsking

Det låge talet på sikta personar kunne ein tru skuldast at politiet etterforskar mindre. Men ifølge Johannessen er det stikk motsett. Han peikar på at politiet i fylket har lågare terskel for å gå inn i etterforsking enn mange andre.

– Vi etterforskar ein del saker som ein ikkje ville gjort i for eksempel Oslo eller Trondheim. Det at politiet etterforskar og bryr seg om mindre lovbrot, gjer at ungdom får eit tidleg møte med politiet. Kriminalitet byggast opp om ungdom får byrje med mindre lovbrot, skadeverk og tjuveri, utan reaksjon. Då er realiteten at ein får drive i ro og fred til ein gjer seg skuldig i alvorleg kriminalitet.

Både blant menn og kvinner skårar fylket lågast. 989 menn (18,56 per 1000 innbyggarar) blei sikta, mens talet er 184 (3,60 per 1000 innbyggarar) for kvinnene.