Fylkeskommunen med 56,5 millionar i overskot i 2018

FYLKESRÅDMANN: Tore Eriksen.

FYLKESRÅDMANN: Tore Eriksen. Foto:

Dette er noko over gjennomsnittet dei fire siste åra.

DEL

– Dette er god budsjettdisiplin og god økonomistyring, seier fylkesrådmann Tore Eriksen i ei pressemelding.

For fylkeskommunane er det tilrådd å ha eit netto driftsresultat på minst 4 prosent (av samla driftsinntekter).

Netto driftsresultat 2018 for Sogn og Fjordane fylkeskommune er på 195,9 millionar kroner, noko som utgjer 5,9 prosent av samla driftsinntekter.

Brukte mindre på opplæring enn venta

Innan sektornivået i fylkeskommunen blei det brukt 30,4 mill. mindre enn budsjettert i 2018. Dette meiner fylkesrådmannen er svært bra.

Ifølge Eriksen har dei budsjettert for meir enn kva som har synt seg å vere nødvendig. Dette gjeld innan opplæring og samferdsle spesielt. Desse tala gjeld ikkje den enkelte skule, understrekar Eriksen. Her gjeld det andre tal.

Innan opplæring var det eit samla mindreforbruk på 17,2 mill. i 2018. Dei største postane med mindreforbruk er utgifter til lokale (3,8 mill. kroner), utdanningsprogramma (5,3 mill. kroner) og tilpassa opplæring (4,1 mill. kroner).

– Det har blitt brukt mindre pengar enn forventa. Det har synt seg at behovet ikkje var så stort som ein trudde når ein budsjetterte, seier Eriksen.

Til dømes gjeld dette innan tilpassa opplæring, der ein ikkje alltid veit kor mange elevar dette gjeld og kva utgiftene vil vere, forklarar fylkesrådmannen.

Men at forbruket totalt sett er mindre enn venta, er ikkje nødvendigvis udelt positivt:

– Det er eit problem, for det betyr at andre område ikkje får det dei burde fått, seier han.

Difor har ein no slått saman desse anslagspostane slik at ein ikkje skal «sikre seg på alle kantar og baugar».

Medan det var eit mindreforbruk på fleire felt innan opplæring, var det derimot eit meirforbruk på 4,4 mill. innan opplæring i bedrift.

Har meir vegpengar att

Innan samferdsle var det eit samla netto mindreforbruk på 6,3 mill. Dei største postane med mindreforbruk er fylkesvegferjer (2,8 mill. kr), bilruter (1,7 mill. kr) og fylkesvegar, miljø og trafikktryggingstiltak (1,3 mill. kr).

– Det sit kanskje folk der ute som gjerne ville sett at desse pengane blei brukt på sin veg?

– Vi har gjennomført dei tiltaka som er planlagt og prioritert, og pengane som står att blir ikkje vekke, seier Eriksen.

I juni skal fylkestinget bestemme korleis pengane skal brukast.

– Då kan det vere at desse midlane blir brukt til andre samferdsleprosjekt på eit seinare tidspunkt.

Eriksen er nøgd med resultatet for 2018:

– Det er eit godt resultat som er større enn tidlegare år.

Når Sogn og Fjordane og Hordaland blir til Vestland om eitt år, vil eit mogleg overskot frå 2019 derimot bli ei sak politikarane får begge fylke bestemme over.

Artikkeltags