Han leitar etter ny NRK-sjef

Kai Aage Pedersen, distriktsredaktør for NRK Sogn og Fjordane, trur endringa vil vere positiv for kor effektivt NRK kan gjennomføre strategiske endringar.

Kai Aage Pedersen, distriktsredaktør for NRK Sogn og Fjordane, trur endringa vil vere positiv for kor effektivt NRK kan gjennomføre strategiske endringar. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Kai Aage Pedersen fekk den nyoppretta stillinga som regionredaktør. Han får difor tilsette sin eigen arvtakar.

DEL

Sjølv om den nye rolla som regionredaktør tar over nokre av oppgåvene til distriktsredaktøren, skal det framleis vere ein lokal leiar på NRK sitt kontor i Sogn og Fjordane.

– Var ikkje målet med omorganisering å slanke organisasjonen?

– Nei, det har ikkje vore tema. Målet var å få raskare strategiske avgjerder, seier Pedersen.

Før var det om lag 20 personar i leiargruppa til distriktsdivisjonen. Når dette ansvaret no blir regionalisert er det meininga at det skal gå raskare å ta strategiske avgjerder. Leiarane ved distriktskontora i vest får ansvar for å gjennomføre planane i fellesskap og kvar for seg. Pedersen meiner dei tre distriktskontora får større fleksibilitet ved å jobbe meir saman.

– Region vest vil ha om lag 220 tilsette. Klarar vi å jobbe meir på tvers, ser vi føre oss at vi kan få endå meir og betre innhald enn i dag, seier han.

Trur på konkurranse

NRK opprettar med det eit ekstra administrativt ledd, samtidig som NRK elles har kutta i journalistårsverk. Slik forsvarar Pedersen dette:

– Målet er å sentralisere leiarfunksjonar i regionane, slik at det totalt sett blir færre leiarar. Då blir det meir ressursar til å produsere innhald, seier han, og passar på å informere om at det er fleire tilsette i NRK Sogn og Fjordane no enn det var då han begynte som distriktsredaktør i 2004.

Pedersen er optimist for distriktskontora si framtid, og meiner NRK Sogn og Fjordane har gode kort.

– NRK Sogn og Fjordane har tradisjon for faste distriktsproduksjonar som til dømes barne-tv og «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». I ein ny region vil det vere mogleg å skaffe endå meir faste produksjonar i Sogn og Fjordane fordi vegen til avgjerdene er kortare.

Sjølvsagt kan det også gå andre vegen.

– Det handlar om idear og kvalitet. Om Rogaland har betre idear og betre gjennomføring kan produksjonar bli flytta. Målet med organiseringa er innovasjon, programskaping og å lykkast med nyhendeoppdraget. Miljøet vil bli meir trigga for det med ei slik organisering, håpar vi.

Håpar på mange søkarar

I stillingsutlysinga står det at NRK vil ha ein person som trivst med endringsprosessar, og som kan vere ein pådrivar for forbetring og nyskaping.

Utan om dette vil ikkje Pedersen legge føringar for kven som kan søke.

– Vi vil ha flest mogleg søkarar, seier han.

For den som ønsker å ta over NRK Sogn og Fjordane er søknadsfristen 15. mai.

Artikkeltags