Denne bedrifta var flinkast til å bruke nynorsk i fjor

VANN NYNORSKPRIS: Frydenbø bilsenter har tre avdelingar i fylket: Førde, Sogndal og Sandane (på bildet).

VANN NYNORSKPRIS: Frydenbø bilsenter har tre avdelingar i fylket: Førde, Sogndal og Sandane (på bildet). Foto:

FØRDE: Frydenbø bilsenter AS fekk pris for nynorskbruken sin.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

Det var Sogn og Fjordane mållag som delte ut den årlege målprisen sin under fylkesårsmøtet deira i helga.

Dei grunngav den med at bilforhandlaren konsekvent brukar nynorsk som marknadsføringsspråk her i fylket, og at dei jamnt over har eit godt språk i marknadsføringa si, skriv mållaget i ei pressemelding.

Har måtte kjempe

– Dette er ei stor ære for oss, og noko som vil bli lagt merke til hos både Frydenbø sentralt og hos Volvo, sa salssjef Geir Farsund då han mottok prisen.

Han seier at det tatt tid å få aksept for nynorskbruken hos Volvo og Frydenbø sine konsernleiingar.

– Vi har måtte kjempe, men no har vi begge med på laget.

Mållaget seier at både annonsekampanjen og magasinet som Frydebø gav ut i høve sitt 100-års jubileum bidrog til prisen.

Ny fylkesleiar for mållaget
PRIS: Avtroppande fylkesleiar Aud Lunde saman med salssjef Geir Farsund ved Frydenbø. Prisbildet blir hengande i Førde i første omgang, før det skal bli sendt på omgang mellom avdelingane på Sandane og Sogndal.

PRIS: Avtroppande fylkesleiar Aud Lunde saman med salssjef Geir Farsund ved Frydenbø. Prisbildet blir hengande i Førde i første omgang, før det skal bli sendt på omgang mellom avdelingane på Sandane og Sogndal. Foto:

På fylkesårsmøtet blei også Hallstein Dvergsdal frå Jølster vald som ny leiar for mållaget, og tok då over for Aud Lunde. Den nye leiaren fekk med seg desse i styret:

  • Torleik Stegane frå Flora
  • Olaug Brekke frå Vik
  • Norunn Ulvedal frå Førde
  • Jorunn Sandvik frå Nordfjordeid

Sogn og Fjordane Mållag har auka medlemma sine med 64 frå i fjor, og er no oppe i 1063 totalt.

Artikkeltags