Oppmodar skiløparar til å vise omsyn til villrein

Lite mat: Bildet er frå Kinna i Førde i 2013. I år er det så  lite mat at villreinen treng ro for å spare energi.

Lite mat: Bildet er frå Kinna i Førde i 2013. I år er det så lite mat at villreinen treng ro for å spare energi. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FYLKET: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane oppmodar skiløparar til å vise omsyn til villreinen når dei går på topptur i Hurrungane.

DEL

Den spesielle vinteren med vekslande mildvêr og frost gjer at villreinen i Hurrungane i Vest-Jotunheimen har vanskar med å finne nok mat. Eit tynt isdekke ligg over rabbane der reinen vanlegvis finn maten den treng for å klare seg gjennom vinteren, dette skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine heimesider.

Oppmodinga til skiløparar går ut på at dei bør ha eit medvite forhold til villreinen når dei er ute og jaktar puddersnø.

Grunna dei heilt spesielle forholda i vinter ber vi om at de tar særleg omsyn til villreinen ved å finne alternative toppturar andre stadar. Om de må ta ein topptur i Hurrungane, ber vi om at det vert utsett til våren, skriv Fylkesmannen.

Artikkeltags