Veks meir i Oslo og i Bergen enn i Sogn og Fjordane

REKORD: For første gong passerte Sparebanken Sogn og Fjordane 1 milliard kroner i driftsinntekter. Men veksten er størst andre stadar enn i Sogn og Fjordane, seier administrerande direktør Trond Teigene.

REKORD: For første gong passerte Sparebanken Sogn og Fjordane 1 milliard kroner i driftsinntekter. Men veksten er størst andre stadar enn i Sogn og Fjordane, seier administrerande direktør Trond Teigene. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: 1. april er det 30 år sidan Sunnfjord sparebank og sparebankane i Gaular, Balestrand, Leikanger, Gloppen, Hornindal og Stryn slo seg saman og danna Sparebanken Sogn og Fjordane.

DEL

– Fusjonen i 1988 var heilt avgjerande for at næringsliv og privatkundar Sogn og Fjordane skulle få ein bank med tilstrekkeleg økonomisk og fagleg tyngde til å ta opp kampen med store nasjonale aktørar i finansmarknaden, seier Trond Teigene som er administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF).

Sunnfjord Sparebank blei fusjonert med sparebankane i Gaular, Balestrand, Leikanger, Gloppen, Hornindal, Innvik og Stryn. Namnet på den nye banken vart Sparebanken Sogn og Fjordane, og visjonen skulle vere å vere ei «Drivkraft i utvikling av fylket». Visjonen er nesten identisk med dagens visjon: «Drivkraft for Sogn og Fjordane».

I 1988 var eigenkapitalen i SSF 164 millionar kroner, medan den i jubileumsåret er på 4,6 milliardar kroner. Forvaltningskapitalen er på 52 milliardar kroner, noko som gjere SSF til den 8. største av meir enn 100 sparebankar i Norge.

Passerte 1 milliard

Totalresultatet i 1988 enda på knappe 671.000 kroner grunna store tap. Til samanlikning enda totalresultatet i 2017 på 425 millionar kroner, og driftsinntektene passerte for første gong 1 milliard kroner. I Sogn og Fjordane har banken 270 tilsette.

– Næringslivet i Sogn og Fjordane går godt, og det nyt Sparebanken Sogn og Fjordane godt av. Men tal arbeidsplassar i næringslivet aukar lite, og befolkningsveksten er låg. Vi innsåg difor tidleg at i tillegg til vekst i Sogn og Fjordane måtte vi òg vekse andres stadar.

Medan SSF nesten berre har bedriftskundar frå Sogn og Fjordane, har banken privat- og personkundar over heile landet.

Av resultatet på 425 millionar kroner i 2017, kjem om lag ein tredel – ca. 140 millionar kroner – frå kundar og aktivitet andre stadar enn i Sogn og Fjordane.

Veks utanfor fylket

– Både Oslo- og Bergens-området er viktige for oss. Sparebanken Sogn og Fjordane har sidan nettbanken kom i 1998 satsa på å ha privatkundar over heile landet. I dag er vi den sparebanken i landet som har størst del av kundar utanfor det bankane definerer som sine kjerneområde. Det sikrar vekst som igjen er med på å legge til rettes for omstilling og utvikling. At vi er store og har økonomiske musklar er viktig av fleire grunnar, spesielt for å kunne følgje dei store næringslivskundane.

Teigene presiserer at like viktig som digital omstilling, er å vere lokal og nær.

– Vi har framleis 13 kontor i Sogn og Fjordane, og eitt i Bergen. Og i jubileumsåret står Sparebanken Sogn og Fjordane sterkare enn nokon gong tidlegare, avsluttar Teigene.

Artikkeltags