Sogn og Fjordane blant fylka med flest konkursar

KONKURSAR: Auken i tal konkursar er høgst i Møre Romsdal, men Sogn og Fjordane ligg like bak. Særleg er det innan varehandel det er størst auke på landsbasis. I sommar gjekk butikk-kjeda Enklere Liv konkurs. Her frå butikken i Førde.

KONKURSAR: Auken i tal konkursar er høgst i Møre Romsdal, men Sogn og Fjordane ligg like bak. Særleg er det innan varehandel det er størst auke på landsbasis. I sommar gjekk butikk-kjeda Enklere Liv konkurs. Her frå butikken i Førde. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NÆRINGSLIV: Trass i at norsk økonomi går godt, aukar tal konkursar på landsbasis. Sogn og Fjordane er blant fylka som kjem dårlegast ut.

DEL

Trass i at norsk økonomi går godt, aukar tal konkursar. Så langt i år er 3 738 selskap slått konkurs, som er ein auke på 13,4 prosent frå i fjor.

Dette melder analyseselskapet Experian i ei pressemelding.

Stort paradoks

Prosentvis er det flest konkursar i Møre og Romsdal hittil i år. Her auka talet konkursar med 34,8 prosent. Like bak finn vi Sogn og Fjordane med ein auke på 34,2 prosent.

Ifølge Per Ivar Kristiansen, salsdirektør Experian, har det kome fleire signal om at norsk økonomi er i medvind. Blant anna har ikkje NHO sine medlemsbedrifter vore meir optimistiske enn på ti år.

30 selskap har gått konkurs i Sogn og Fjordane i år

– Derfor er det eit stort paradoks at mengda konkursar held fram å auke i høgt tempo, seier Kristiansen i pressemeldinga. 

På landsbasis auka tal konkursar med 12,1 prosent i september samanlikna med same periode i fjor.

Flest konkursar innan varehandel

Det er innan varehandel det er størst auke i konkursar. Så langt i år har det kome 801 konkursar, noko som er ein auke på 31,7 prosent. Også innan bygg og anlegg-sektoren er det fleire selskap som dukkar under, med ein auke på 18 prosent.

Desse bedriftene har gått konkurs 

– Det er tydeleg at det er strukturelle endringar på gang i handelsnæringa, og at fleire butikkar legg ned blant anna som følge av tøffare konkurranse frå netthandel. Bygg- og anleggssektoren slit nok også med etterverknader etter eit svakt bustadmarknad i fjor. Det tar nemleg alltid litt tid frå nedturen er over oss til vi ser utslaget i mengd konkursar, seier Kristiansen i pressemeldinga. 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken