No skal elevar frå heile fylket delta i NM

KONKURRERER: I januar startar NM i klima. Her skal elevar frå vidaregåande skular konkurrere om kven som greier å kutte mest i   CO₂- utsleppa sine.

KONKURRERER: I januar startar NM i klima. Her skal elevar frå vidaregåande skular konkurrere om kven som greier å kutte mest i   CO₂- utsleppa sine. Foto:

Neste år blir det NM i klima der nær 6000 ungdommar frå Sogn og Fjordane skal vere med.

DEL

I januar startar det aller første norgesmeisterskapet i klima, der 5800 elevar og lærlingar frå heile Sogn og Fjordane skal vere med.

Det melder selskapet Ducky AS, som står bak initiativet og no prøver å få flest mogleg fylker med i NM.

– Elevane vil gjennom enkle handlingar i kvardagen konkurrere i å kutte klimagassutsleppa sine mest mogleg og vise at dei kan skape endring gjennom handling, skriv selskapet i ei pressemelding.

Målet blir å kutte i CO₂- utsleppa sine, og elevane skal loggføre handlingane i ein eigen app.

Elevar på Firda vgs. på Sandane har allereie konkurrert i dette. I vår hadde dei sin eigen konkurranse der dei sparte nesten 4000 kg CO₂, noko som svarar til same mengde som 4000 tre absorberer.

Firda vgs. får halde fram med klimafag

Henrik (17) får snart spele dataspel i skuletida: – Dette er min største lidenskap 

Hallgeir Hansen er rektor på Firda vgs., ein skule som dei siste åra har blitt kjent for klimaengasjementet sitt.

– Eg trur dette kan vere med som et bidrag for å redusere klimautslepp både lokalt her blant våre elevar, og elles. Så eg vil oppfordre alle skular, alle elevar og alle lærarar som i det heile tatt tenker på det, til å engasjere seg i klimameisterskapet, engasjere seg i ei sak som er viktig for framtida vår, og er viktig for framtidige generasjonar, seier Hansen i pressemeldinga.

Regjeringa vil innføre fritt skuleval. Ap meiner det kjem til å truge vg-skular som Dale

Sara (17): – Å overvinne kroppspresset er alle sitt ansvar 

Artikkeltags