Kjære Oslo-byråd. Velkommen til Sogn og Fjordane. Velkommen til den verkelege verda

VELKOMMEN: Alfred Bjørlo ønskjer finansbyråd i Oslo, Robert Steen velkommen til Eid og Sogn og Fjordane

VELKOMMEN: Alfred Bjørlo ønskjer finansbyråd i Oslo, Robert Steen velkommen til Eid og Sogn og Fjordane (Foto: )

Av

FYLKET: Eid-ordførar Alfred Bjørlo er er kraftig provosert av utspelet til finansbyråd for Ap i Oslo, Robert Steen.

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

MeiningarKjære Robert Steen.

Finansbyråd for Arbeiderpartiet i Oslo. Master of Business Administration frå Handelshøyskolen BI. Med røynsle frå å selje rubrikkannonser i Aftenposten før du gjorde karriere i Oslo Ap.

– Oslo er eit kompetansesentrum

Du som presterte å seie på NRK Radio i dag tidleg følgjande: 
«Årsaken til at vi har en del offentlige arbeidsplasser i Oslo, handler om at Oslo er et kompetanse-sentrum. Der vi i Oslo kan trekke på akademia og privat næringsliv i stor utstrekning, er dette vanskeligere i en del andre deler av landet, som for eksempel Sogn og Fjordane».

– Velkommen til verda

Kjære Robert Steen: Velkomen til Eid. Velkomen til Nordfjord. Velkomen til Sogn og Fjordane. Velkomen til den verkelege verda.

Neste gong du køyrer gjennom Bjørvika-tunnelen - tenk på at alle dei avanserte styrings-systema der (og i andre vegtunnelar i Oslo) er laga av ei bedrift på Nordfjordeid som har ypperste kompetanse i Noreg på sitt teknologiske område.

Neste gong du ser ned på Barcode - tenk på at dei enorme vindusflatene der stort sett er laga av ei bedrift i Vågsøy i Nordfjord som lagar dei mest avanserte vindua i landet.

– Stryningar har klekt ut ideane

Neste gong du kikkar ned på mobiltelefonen din for å få levert neste talepunkt frå LO, tenk på at skjermen er laga med silisium av verdas ypperste kvalitet frå Elkem i Bremanger.

Neste gong du kjøper kle frå Skogstad, Ricco Vero eller handlar kjøtprodukt frå Nordfjord Kjøt - tenk på at det finst nokon i Stryn som har klekt ut ideane, bygd opp kompetansen og skapt store merkevarer.

Baderomsløysingar frå Sandane

Neste gong du besøker ein eldre-institusjon i byen din som du har ansvar for, tenk på at dei avanserte baderoms-løysingane er designa, produsert og levert av ei bedrift på Sandane - leiande internasjonalt på sitt felt.

Og då har eg ikkje ein gong nemnt fisken. Ikkje den fornybare energien. Ikkje dei avanserte fartøya som no blir levert frå Brødrene Aa og Havyard, som syner veg internasjonalt inn i det grøne skiftet. Eller Europas største og grønaste datasenter - som grunderar i Måløy har fått fram og no blir realisert i Nordfjord med internasjonale IT-gigantar på laget.

Men prøv å skjerpe deg ørlite grann. Det finst ei verd utanfor Oslo. Det finst ei verd til og med i Sogn og Fjordane. Med blømande lokalsamfunn. Med kompetanse. Med privat næringsliv. Med akademia

Alfred Bjørlo

– Steen: Du anar ikkje kva du snakkar om

Kjære Robert Steen: Du anar ikkje kva du snakkar om.

I kveld har eg vore i vårt eige operahus på Nordfjordeid og sett 128 ungdomsskuleelevar bløme på scena to timar, i ein sjølvskreven musikal med eit nivå som du ikkje vil tru er mulig av heilt vanlege 13-, 14- og 15-åringar. Fordi vi har kompetanse på kultur. På sceneproduksjon. På kvalitet i skulen. På samarbeid utanom det vanlege mellom vidaregåande skule, ungdomsskule og kulturskule.

I norgestoppen på skule

Eg veit ikkje om det er av interesse for deg, men 8 av 20 av dei beste skule-kommunane i Noreg er frå Sogn og Fjordane. Herunder Eid. Mellom anna på grunn av eit tett samspel mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane (no Høgskulen på Vestlandet) og kommunane i fylket - som sikrar høgare kvalitet på utdanning og lærarar her enn dei fleste andre stader. Vi ligg på topp i Noreg på gjennomføring av 12-årig skuleløp, og har eit ungdomsmiljø som er mangfoldig, fritt og godt. Vi har eit næringsliv som går som det grin og treng fleire folk.

Oslo 46.000 – vi 2000

Men vi er ikkje så heldige som Oslo at vi renn over av statlege kompetanse-arbeidsplassar. Der Oslo har 46.000 statstilsette, har Sogn og Fjordane 2.000 og Eid 62 (Kjelde: Difi). Det er 75 statstilsette pr 1000 innbyggjarar i Oslo, 19 i Sogn og Fjordane og usle 10 pr 1000 innbyggjarar i Eid.

Eg forstår godt at du er uroleg for dei som kan stå i fare for å misse jobben. Eg har respekt for det.

– Det finst ei verd utanfor Oslo

Men prøv å skjerpe deg ørlite grann. Det finst ei verd utanfor Oslo. Det finst ei verd til og med i Sogn og Fjordane. Med blømande lokalsamfunn. Med kompetanse. Med privat næringsliv. Med akademia.

Men som har måtta sjå på i år etter år at statlege kompetansearbeidsplassar blir bygd ned og forsvinn. Til Oslo. I tusental.

Eg trur Oslo vil vere ein utmerka by å bu i uansett om det er 45.000 eller 46.000 statlege arbeidsplassar der. Men det kan betyr ein enorm skilnad for Eid om her er 60 eller 100.

Inviterer til Malakoff

Kjære Robert Steen, byråd for Ap i Oslo: Til sommaren arrangerer vi ein av Noregs største Rockefestivalar på Eid: Malakoff Rockfestival.

Vi klarar det vi vil. Du er herved invitert.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags