Desse kjempar om å bli årets gründer i fylket

KVEN VINN GRÜNDERPRISEN?: Frå venstre: Odd Rune Flo frå Loen Skylift, Geir Arne Flo frå Hydrowave, Petter Sødermann frå Sødermann Rådgjeving, Jan Brekke frå Sogn Aqua og Daniel Fedøy frå Seaweed.

KVEN VINN GRÜNDERPRISEN?: Frå venstre: Odd Rune Flo frå Loen Skylift, Geir Arne Flo frå Hydrowave, Petter Sødermann frå Sødermann Rådgjeving, Jan Brekke frå Sogn Aqua og Daniel Fedøy frå Seaweed. Foto:

NÆRING: For sjette gong skal årets beste gründer kårast i Sogn og Fjordane.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Dei fem finalistane er Loen Skylift i Stryn, Hydrowave i Vågsøy, Sogn Aqua i Høyanger, Sødermann Rådgjeving på Eid og Seaweed på Bulandet.

Den som går av med sigeren får, i tillegg til heider og ære, ein pengepremie på 100.000 kroner.

Vinnaren vert valt basert på vurdering frå juryen pluss stemmer frå publikum. Dei som vil gi si stemme til ein av kandidatane kan gjere det på Framtidsfylket sine heimesider.

– Vi har valt ut fem innovative finalistar, som alle representerer ulike fagfelt, og som har store ambisjonar for si verksemd, seier jurymedlem Trond Teigene i ei pressemelding frå Framtidsfylket.

Dette jobbar dei med

Loen Skylift i Stryn realiserte ei gondolbane som går frå fjorden og opp på over tusen meter. Bana er ei av dei brattaste i verda, og har allereie blitt ein solid suksess..

Hydrowave  utviklar bølgjekraftverk som skal kunne monterast på ei skipsside, og levere inntil hundre prosent av skipet sitt straumbehov.

Sogn Aqua på sørsida av Sognefjorden har spesialisert seg på landbasert oppdrett av kveite. Løyndomen deira er mellom anna vatn frå rett djupna og temperatur. 

Sødermann Rådgiving er eit analyse- og rådgjevingsselskap som ønskjer å utfordre rådande tankesett i kommunal sektor ved hjelp av kreativ bruk av såkalla big data.

Seaweed dyrkar og produserer økologiske tareprodukt på Værlandet og Bulandet, og sel mykje ute i Europa.

Samansett jury

Jurymedlem Trond Teigene er også administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane. Årets Gründer er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Framtidsfylket, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge.  Juryen består i tillegg av Kjetil Kvåle frå Kunnskapsparken og Reidun Aasen Nesheim frå Innovasjon Norge.

Artikkeltags