Boss-selskap i akutt pengekrise

KONKURS? RenoNorden ASA er i akutt pengekrise. No blir det spekulert i konkurs.

KONKURS? RenoNorden ASA er i akutt pengekrise. No blir det spekulert i konkurs. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FYLKET: RenoNorden ASA køyrer boss i både Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Frå januar til mars har selskapet tapt kring 850 millionar. No blir det spekulert i konkurs.

DEL

– Det er utfordrande, men forhandlingane går framover. Vi håpar og trur at vi får på plass ei løysing, seier konsernsjef Harald Rafdal til Dagens Næringsliv (DN).

Aksjekursen for renovasjonsgiganten har falle som ein stein det siste året, som følge av gjentatte dårlege meldingar frå konsernet. I ei børsmelding 7. juni, annonserte selskapet at dei held fram med å tape store pengar. Ifølge samme melding risikerer RenoNorden å bryte vilkåra i låneavtalane innan utgangen av månaden, med mindre det blir sikra god nok langsiktig finansiering.

RenoNorden ASA har hatt problem lenge. E24.no skreiv i august i fjor at selskapet har bunde seg til tapskontraktar med varigheit på opptil ti år, signert i 2015 og 2016. I mars i år skreiv same nettstad at det også 1. januar 2017 var oppstart på kontraktar som selskapet vil tape pengar på, fordi dei har rekna for lågt på anboda.

Til DN kommenterer Rafdal anbodsblemma slik:

– Då vi vann kontraktane hadde vi ikkje kjøpt inn bilar og tilsett personar. Først då vi på nyåret fysisk starta med oppdraga, såg vi at det vart endå dyrare enn det som er normalt ved oppstartskostnader.

– Mot konkurs

Før nyttår henta RenoNorden 350 millioner kroner frå aksjonærane i ein emisjon, for å komme seg gjennom problema, men budsjettavvika har gjennom fleire børsmeldingar blitt større og større. Pengane frå emisjonen er for lengst vekke, og E24 har ut frå kvartalsrapporten rekna ut at RenoNorden har tapt 846,9 millionar i første kvartal, inkludert nedskrivingar.

– Det er alvorleg overfor långjevarane. Selskapet er eigentleg på veg mot konkurs når det har gått så langt, seier Joakim Bornold i meklarhuset Nordnet i eit intervju med den svenske rikskringkastaren SVT 5. juni.

Bornold meiner selskapet har for mykje lån:

– Det er ei kjempegjeld som dei ikkje maktar å bealte, samtidig som dei har kontrakter der dei ikkje tener pengar i det heile. Kominasjonen er ein dødsspiral. Det kjem til å krevje enorme ressursar for å komme seg på bana igjen, seier han i intervjuet.

Slit med finansiering

Rafdal er også intervjua av SVT, og vil ikkje kommentere snakket om konkurs. I intervjuet med DN vil han heller ikkje kommentere moglege konsekvensar for drifta og tenestetilbodet. I staden blir det vist til dialog med bankar og enkeltkundar i Norge.

Men allereie 1. mai kom dei ei børsmelding som fortalte at konsulentar frå Carnegie var hyra inn for å sikre finansiering. Børsmeldinga frå 7. juni slår fast at det arbeidet førebels ikkje har lykkast.

RenoNorden

Renovasjonsgigangten operer i både Norge, Sverige, Danmark og Finland

I Norge finn du RenoNorden ASA sine avdelingar nesten over alt. I Sogn og Fjordane leverer selskapet tenester til både Sunnfjord Miljøverk (Askvoll, Fjaler, Førde, Gaular, Hyllestad, Jølster og Naustdal), Nordfjord Miljøverk (Bremanger, Selje, EId, Hornindal, Gloppen, Stryn og Vågsøy), samt Sogn intenkommunal miljø- og avfallselskap (Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal)

Gulen og Solund har også RenoNorden som tenesteleverandør gjennom sitt renovasjonsselskap Renovasjon i Nordhordland, Gulen og Solund

Artikkeltags