33.000 fleire overnatta her i juli i år

CAMPINGTURISTAR: Janneke (t.v.) og Roger Klaassen (t.h.) frå Nederland vil helst sjå dei brattaste fjella og dei trongaste dalane medan dei er i fylket. Her har dei installert seg på Førde camping med borna Meike (8) t.v. og Floor (10). - Inntrykket vårt av Førde er at byen er litt industriell, men omgjevnadene er veldig vakre, seier familien.

CAMPINGTURISTAR: Janneke (t.v.) og Roger Klaassen (t.h.) frå Nederland vil helst sjå dei brattaste fjella og dei trongaste dalane medan dei er i fylket. Her har dei installert seg på Førde camping med borna Meike (8) t.v. og Floor (10). - Inntrykket vårt av Førde er at byen er litt industriell, men omgjevnadene er veldig vakre, seier familien. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

I juli blei det registrert 333.934 overnattingar i Sogn og Fjordane. Det er 11 prosent fleire enn i fjor.

DEL

Utlendingar stod for 200 373 – eller 60 prosent – av alle overnattingane i Sogn og Fjordane i juli, viser tal som Statistisk sentralbyrå (SSB) offentleggjorde fredag. Norske og utanlandske overnattingar auka begge med 11 prosent. Det kjem fram i ei pressemelding frå NHO Reiseliv.

Camping i størst vekst

Av nærare 333.400 overnattingar i Sogn og Fjordane i juli fann 149.336 stad på hotella i fylket. Talet hotellovernattingar gjekk opp med 5047 – eller 3,5 prosent – frå juli i fjor. 84 prosent av hotellovernattingane i juli var knytt til ferie og fritid.

Av det samla talet overnattingar i Sogn og Fjordane i juli noterte campingbedriftene seg for 135.402. Det er 24.522 fleire enn i juli i fjor og ei auke på 22 prosent.

Desse kom hit

Tyske gjestar noterte seg for 45.630 overnattingar, og var den utanlandske gruppa med flest overnattingar i Sogn og Fjordane i juli. Den nest største utanlandske gruppa var nederlendarar, etterfølgt av amerikanarar.

Målt i reelle tal var det størst auke i tyske overnattingar i Sogn og Fjordane i juli.

Utanlandsmarknadane som auka mest frå juli 2015 – målt i prosent:

Sør-Korea (+47 prosent frå juli 2015)

Sverige (+ 25 prosent)

Kina (+ 19 prosent)

Spania (+ 12 prosent)

USA (+ 9 prosent)

– Bidrar til å trygge arbeidsplassar

På landsbasis blei det registrert 6.205.464 overnattingar i juli. Det er ei auke på 10 prosent frå juli 2015. Nasjonalt gjekk norske og utanlandske overnattingar opp med høvesvis 8 og 14 prosent.

– Det er fantastisk gledeleg at ferierande nordmenn aukar samtidig med den kraftige veksten i utlendingar. Det bekreftar signala vi har fått om at også fleire nordmenn vel å feriere i Norge, seier NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold i ei pressemelding.

– Den kanskje viktigaste effekten av turistveksten er at det bidrar til å trygge arbeidsplassar i ei tid med fallande oljeinvesteringar. Reiselivet er i ferd med å bli ein av dei pilarane som Norge kan lene seg på både økonomisk og sysselsettingsmessig med ei oljenæring som framleis har motbakke, seier Krohn Devold.

Frå januar i år og til og med juli 2016 er det registrert 857.355 overnattingar i Sogn og Fjordane. Det er 80.572 fleire enn i same periode i fjor, og ei auke på 10 prosent.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken