Fylkets klimapris til elbåt-gründer. – Veldig rørande, seier prisvinnaren

SA OPP: – Det er veldig rørande at andre ser potensialet i det vi gjer, seier Leif A. Stavøstrand. Tobarnsfaren sa opp leiarjobb i INC-gruppa for å utvikle heilelektriske båtar.

SA OPP: – Det er veldig rørande at andre ser potensialet i det vi gjer, seier Leif A. Stavøstrand. Tobarnsfaren sa opp leiarjobb i INC-gruppa for å utvikle heilelektriske båtar. Foto:

Leif A. Stavøstrand og bedrifta Evoy AS i Florø får den første klima- og miljøprisen frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

DEL

Prisen er 50.000 kroner og eit diplom. Prisen vert delt ut i fylkestinget 24. april, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

– Det er veldig rørande at andre ser potensialet i det vi gjer. Det motiverer til vidare innsats. Midlane kjem godt med, men det beste er anerkjenninga av arbeidet vårt og at vi er på rett veg, seier Leif A. Stavøstrand.

Stavøstrand sa opp jobben som administrerande direktør i Saga Fjordbase i 2018 for å satse på eige gründerselskap saman med faren Gunnar Leif Stavøstrand.

Målet: heilelektriske båtar

Evoy AS er ei verksemd med hovudkontor i Florø, som utviklar verdsleiande heilelektrisk framdriftssystem til båtar i proff- og fritidssegmentet. Visjonen er å eliminere utslepp frå båt, ved å utvikle teknologi som kan byte ut fossil brensel med elektriske motorar, skriv fylkeskommunen i pressemeldinga.

– Viktig personleg vegval

– Det er ein milepæl å kunne dele ut den første klima- og miljøprisen for Sogn og Fjordane. Det er veldig kjekt å kunne dele prisen ut til ein person som har tatt eit viktig personleg vegval, og satsar på fossilfrie løysingar. Det er dette det grøne skiftet treng, og det er ei spennande verksemd som fortener ros for jobben dei har gjort til no, og motivasjon til vegen vidare, uttalar fylkesordførar Jenny Følling.

14 nominerte til prisen

Fylkesutvalet vedtok å gje prisen til Stavøstrand og Evoy i møte 8. april. Tre medlemmer frå fylkesutvalet og éin representant frå ungdomspolitisk utval sat i innstillingsnemnda. Dei hadde 14 nominerte å velje mellom, går det fram av pressemeldinga.


Artikkeltags