Sidan 2014 har matprisen vore eit årleg arrangement der ein heidrar aktørar som bidreg til å auke forbruket og produksjonen av berekraftig og økologisk mat.
I år stakk Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) av med prisen «Årets formidlar». Balholm frå Balestrand, som er kjent for sine fruktdrikkar, fekk prisen «Årets produsent».
Engasjerte elevar
Til stades frå SJH på Matprisen 2018 i Oslo var lærer Gry Tokvam og elev Elin Rømo Grande.
– Å kunne formidle kunnskap som er nedarva gjennom generasjonar, er ei sann glede når har ein gjeng med høgt motiverte elevar. For meg som foredlingslærar er det i tillegg eit privilegium å få råvarer med jord, råvarer som «lever», råvarer som vi kjenner frå «fødselen av», sa Tokvam under takketalen.
Årets restaurant er Kontrast i Oslo. Geitmyra matkultursenter vant barne- og ungdomsprisen, medan Matprisen gjekk til Matsentralen Norge.