Sogn- og fjordingar kjøper mest alkoholfri drikke: – Det er ikkje så rart

OSLO  20190124.
Salget av alkoholfrie varer hos Vinmonopolet har økt betraktelig. Hos Vinmonopolet på Oslo S er flere av produktene utsolgt.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

OSLO 20190124. Salget av alkoholfrie varer hos Vinmonopolet har økt betraktelig. Hos Vinmonopolet på Oslo S er flere av produktene utsolgt. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix Foto:

Av

SAMFUNN: Salet av alkoholfri drikke har skote i vêret hos Vinmonopolet, men ikkje alle fylke har kasta seg på bølgja i like stor grad.

DEL

– Det er flest som kjøper alkoholfritt i Oslo, Akershus og Sogn og Fjordane, seier pressekontakt Hege-Lill Hagen Asp hos Vinmonopolet til NTB.

Ho fortel at folk i Oslo i snitt handlar nesten dobbelt så mykje alkoholfri drikke som folk i fylka som handlar minst, nemleg Telemark og Aust-Agder.

– Ofte er det slik at trendar byrjar i Oslo, og spesielt Oslo vest, og så spreier det seg til resten av landet. Det kan tenkjast at dette er ein ny trend som er på veg til å spreie seg, seier Asp.

Solid vekst

Ser ein på landet som heilskap, er det definitivt ein trend at alkofri-salet går oppover.

– Det har vore ein god vekst i mange år no. I 2017 auka det totale salet av alkofritt med 12,2 prosent, mens det auka ytterlegare med 12,7 prosent i 2018, seier Asp.

Ho stussar litt over nokre av dei regionale skilnadene.

– Det er ikkje så rart at vi sel mykje alkoholfritt i Sogn og Fjordane. Der har dei mykje bær og mostar, og den typen ting. Men det vi ikkje heilt skjønnar, er at vi sel minst alkoholfritt i Telemark. Der har dei jo mykje eple og fine ting, seier pressekontakten.

Alkofri bobletrend

Folk kjøper meir alkoholfritt øl og vin, men det går òg unna med cider, perlande og musserande produkt.

– Vi ser ein skikkeleg bobletrend, også når det gjeld dei alkoholfrie varene, og dette er heilt nytt. 36 prosent av dei alkoholfrie varene vi selde i 2018 var cider eller av den perlande eller musserande varianten, seier Asp.

Sunn start

Mange startar 2019 med nokre «kvite» og alkoholfrie veker, noko Vinmonopolet merkar godt på salsstatistikken.

Berre i dei første to ordinære vekene i år, gjekk salet av alkoholfri drikke på Vinmonopolet opp med 8,6 prosent. Dette kjem på toppen av ein auke på 5,6 prosent i dei same vekene fjor.

– Trenden fortset definitivt, og har vorte endå sterkare. Vi ser at folk tek med seg litt ekstra alkofritt rundt høgtidene, og no tydelegvis i desse kvite vekene, seier Asp.

– I tillegg er det ein «edrutrend» blant ungdom som bidreg, legg ho til.

Hugsar på ikkje-drikkarane

Asp trur at folk har vorte flinkare å hugse på å kjøpe alkofrie varer når dei til dømes handlar inn til store selskap.

– Dei sørgjer for å ha eit alternativ til gjester som kanskje køyrer, er gravide, eller rett og slett ikkje drikk i det heile, seier Asp.

Trass i den formidable veksten, står den alkoholfrie drikka framleis berre for 0,7 prosent av det totale volumet Vinmonopolet sel. Men dersom utviklinga fortset, kan det fort bli meir.

– Dette er noko vi ønsker velkommen, og noko som er fint for folkehelsa. No blir det òg spennande å sjå om vanane frå dei første «kvite» vekene held utover året, seier Asp.

Fylkesvis oversikt over salet av høvesvis alkoholfrie varer, brennevin og svakvin

  • Oslo: 0,9 prosent, 9,0 prosent, 85,9 prosent.
  • Akershus: 0,8 prosent, 11 prosent, 84,3 prosent.
  • Sogn og Fjordane: 0,7 prosent, 17,9 prosent, 77,0 prosent.
  • Nordland: 0,7 prosent, 18,1 prosent, 77,3 prosent,
  • Hordaland: 0,7 prosent, 12,3 prosent, 83,3 prosent.
  • Buskerud: 0,7 prosent, 14,0 prosent, 81,8 prosent.
  • Rogaland: 0,6 prosent, 12,6 prosent, 82,2 prosent.
  • Finnmark: 0,6 prosent, 19,3 prosent, 75,6 prosent.
  • Østfold: 0,6 prosent, 16,6 prosent, 78,7 prosent.
  • Troms: 0,6 prosent, 15,3 prosent, 79,7 prosent.
  • Møre og Romsdal: 0,6 prosent, 15,6 prosent, 79,4 prosent.
  • Vestfold: 0,6 prosent, 12,0 prosent, 84,5 prosent.
  • Vest-Agder: 0,6 prosent, 12,9 prosent, 83,2 prosent.
  • Hedmark: 0,6 prosent, 18,8 prosent, 76,9 prosent.
  • Oppland: 0,6 prosent, 17,9 prosent, 78,1 prosent.
  • Trøndelag: 0,6 prosent, 18,0 prosent, 76,6 prosent.
  • Aust-Agder: 0,5 prosent, 12,9 prosent, 83,9 prosent.
  • Telemark: 0,5 prosent, 15,0 prosent, 81,4 prosent.

Artikkeltags