Kven skal bli årets artist i Sogn og Fjordane 2018?

«FENOMENET»: Her mottar Kjartan Lauritzen Luttprisen for 2017. No kan du røyste på din favoritt til å vinne prisen for 2018. 

«FENOMENET»: Her mottar Kjartan Lauritzen Luttprisen for 2017. No kan du røyste på din favoritt til å vinne prisen for 2018.  Foto:

MUSIKK: No kan du vere med å bestemme kven som skal vinne Luttprisen 2018, årets artist frå Sogn og Fjordane. Tolv artistar frå fylket er med i finalen.

DEL

Tolv artistar er no med i finalen, og prisen vert delt ut på Larris Scene under eit stort show i Førde laurdag 19. januar, skriv NRK i ei pressemelding.

Finalistane er:

Sjur (Sandane)
Alexander Pavelich (Eid)
Eva Weel Skram (Sogndal)
Thea Hjelmeland (Førde)
Aleks Grey (Eid)
Sofia Hyttedalen (Sandane)
Karl Seglem (Årdal)
Odd Erik Lothe (Eid)
Ketil Thorbjørnsen (Årdal)
Elida Høgalmen (Stryn)
Mona-Jill Band (Stryn)
Vreid (Sogndal)

Slik kan du røyste

– Det er svært mange som har engasjert seg og nominert artistar frå heile Sogn og Fjordane. No er det folkejuryen sin tur til å seie si meining om finalistane, seier musikkansvarleg i NRK Sogn og Fjordane Stian Sjursen Takle i pressemeldinga.

Det kan du gjere via nettsidene til NRK Sogn og Fjordane frå 17. desember. For å unngå juks, er det berre mogleg å levere ei røyst per 12. time per IP-adresse. Siste frist for å røyste er 13. januar 2019.

Mykje musikk samla på ei helg

Luttprisen er eit kunstdiplom frå Oddvar Torsheim og eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest. Prisen har vore delt ut kvart år sidan 2006 og vert no delt ut for 13. gong. Prisutdelinga er på Larris Scene i Førde. Som sist prisutdeling er det radioverten frå Førde Ronny Brede Aase som er programleiar.

Dagen før vil du også kunne sjå konsertar frå sju av dei nye og spennande banda frå Sogn og Fjordane på Larris Scene som ein del av Blestfestivalen. Dei sju artistane er: Detroit Sound, Elida Høgalmen, V I L N E S, Falkevik, Jackbow, Kaia Höl, og MAIH.

Kva skal til?

Vidare i pressemeldinga står det at Luttprisen vert avgjort både av folkejury og ein eigen fagjury, og fagjuryen har fleire kriterium for tildeling. Prisen skal gå til ein artist eller gruppe frå Sogn og Fjordane som i løpet av året har markert seg tydeleg i fylket både i media og på konsertscener. At vinnaren framfører eige materiale, brukar nynorsk, har fått nasjonal eller internasjonal merksemd, skal også telje som pluss.

Tidlegare vinnarar:

2017: Kjartan Lauritzen

2016: Eva & The Heartmaker

2015: Good Time Charlie

2014: Thea Hjelmeland

2013: Karl Seglem

2012: Vreid

2011: Eva Weel Skram

2010: Sigrid Moldestad

2009: Håvard Lothe

2008: Generous Days

2007: Sigrid Moldestad

2006: Eva Weel Skram

Artikkeltags