Jubileumsutgåva vert den siste

GJENGEN BAK: 33,6 kg med stoff og bilete frå Sogn og Fjordane er resultatet etter 25 år med «Årboka for Sogn og Fjordane». Frå venstre: Stig Roger Eide (redaktør for sportsdelen), Torkjell Djupedal (forleggjar i Selja Forlag), Torbjørn Rørvik (redaktør for dei siste ni bøkene), Henning Rivedal og Atle Hellevik (begge Alden Forlag, forlaget som gav ut boka frå 1993 til 2007.)

GJENGEN BAK: 33,6 kg med stoff og bilete frå Sogn og Fjordane er resultatet etter 25 år med «Årboka for Sogn og Fjordane». Frå venstre: Stig Roger Eide (redaktør for sportsdelen), Torkjell Djupedal (forleggjar i Selja Forlag), Torbjørn Rørvik (redaktør for dei siste ni bøkene), Henning Rivedal og Atle Hellevik (begge Alden Forlag, forlaget som gav ut boka frå 1993 til 2007.) Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FYLKET: Etter 6584 sider med artiklar og bilde frå Sogn og Fjordane, er det no slutt. Den 25. utgåva av «Årboka for Sogn og Fjordane» vert den siste.

DEL

Det melder Selja Forlag, som har gjeve ut dei ti siste utgåvene, i ei pressemelding.

– «Alt har ein ende, unntatt husarbeid og helvetes pine», sa Einar Førde ein gong. «Årboka for Sogn og Fjordane» sorterer verken under husarbeid eller helvetes pine, så vi har vore innstilte på at eventyret ein gong måtte ta slutt. No set vi punktum ved 25 bøker.

Det seier årbokredaktør Torbjørn Rørvik og forleggjar Torkjell Djupedal i Selja Forlag i pressemeldinga.

Sidan 1993

Det var Henning Rivedal og Atle Hellevik som i 1993 kom med idéen om å lage ei årbok basert på livet i Sogn og Fjordane i året som har gått.

– Vi tok utgangspunkt i bokserien «Det hendte» og strikka det om til ein lokal variant for Sogn og Fjordane. Årbøkene er ei genial oppfinning som tek pulsen på Sogn og Fjordane gjennom 25 år. Dei er skrive i tida, om tida, og for framtida, seier Henning Rivedal.

Han og Hellevik styrte årbokskuta gjennom Alden forlag dei første 15 åra. Frå 2008 tok Selja Forlag over årboka, med Helga Didrikke Sundal som redaktør første året. Sidan 2009 har Torbjørn Rørvik vore redaktør.

– Denne serien er unik

Skiløparen Odd-Bjørn Hjelmeset er den einaste personen som er nemnd i alle dei 25 utgåvene, og han er blant rundt 1000 ulike personar som har blitt omtala gjennom desse åra.

– Denne serien er unik i Norge. Ingen andre har eit tilsvarande verk som summerer opp kva som har skjedd år for år i fylket. Dette er minnebøker som viser utviklinga i Sogn og Fjordane dei siste 25 åra. Og bøkene har blitt til takka vere lokalavisene og journalistane der. Nesten utan unntak har dei latt oss få fråtse i arbeidet som dei har fylt avisspaltene med. Vi håpar at dei tykkjer det er kjekt at mange av tekstane og bilda deira har fått eit meir «evig liv» i bokform enn det dei opplever gjennom avissidene, seier Djupedal i Selja Forlag.

Artikkeltags