Countryfestival skaper millionverdiar

MILLIONAR: Sidan oppstarten av countryfestivalen for 25 år sidan, har den tilført rundt 13 mill. tilbake til bygda.

MILLIONAR: Sidan oppstarten av countryfestivalen for 25 år sidan, har den tilført rundt 13 mill. tilbake til bygda. Foto:

Av

Festivalen i Breim har gitt 13 millionar tilbake til bygda.

DEL

Takka vera utrøytteleg dugnadsarbeid med å arrangera Norsk Countrytreff i Breim i Sogn og Fjordane år etter år, kan bygda gle seg over millionverdiar.

– Countryfestivalen i Breim er eitt av fleire eksempel på korleis store dugnadsarrangement kan skapa store verdiar i ein region, seier styreleiar og artistansvarleg for Norsk countrytreff, Nils R. Sandal, til Nationen.

Den tidlegare fylkesordføraren og ordføraren var sjølv med å grunnleggja countryfestivalen for 25 år sidan. Sidan den gongen meiner han festivalen har tilført rundt 13 millionar kroner til lag og organisasjonar i bygda.

– Utan desse pengane hadde vi aldri kunna byggja kunstgrasbane på Reed eller drifta skitrekk på Utvikfjellet, seier han.

Sidan starten har countrytreffet i Breim trekt til seg stadig fleire publikummarar. Med rundt 17.000 besøkjande kvart år er festivalen no ifylgje Nationen eitt av dei største kulturarrangementa i sin sjanger på både på Vestlandet og i Noreg. I tillegg til å skapa store økonomiske verdiar, blir det peikt på at det store dugnadsarbeidet med å arrangera festivalen også gjev mange andre positive ringverknader som trivsel, bulyst og fellesskap.

Seld førehandsbillettar for 2,5 millionar kroner: – Det beste vi har hatt nokon gong

Stort overskot for NM på Byrkjelo – treng nye krefter om det skal bli fleire 

Artikkeltags