24 er forslått som kandidatar til fylkeskulturprisen – sjå lista

TEATERGJENGEN: Arrangørane av Teaterfestivalen i Fjaler er foreslått til å få fylkeskulturprisen. F.v. Miriam Prestøy Lie, Torkil Sandsund Lie og Ingrid Hansen

TEATERGJENGEN: Arrangørane av Teaterfestivalen i Fjaler er foreslått til å få fylkeskulturprisen. F.v. Miriam Prestøy Lie, Torkil Sandsund Lie og Ingrid Hansen Foto:

KULTUR: Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått inn 24 forslag til kven som bør få årets fylkeskulturpris.

DEL

– Forslaga representerer mange kulturområde og syner stor breidde i kulturarbeidet i fylket, seier Runar Bjørvik Mæland i ei pressemelding.

«Fylkeskulturprisen vert kvart år delt ut til ein eller fleire personar, eit lag eller ein organisasjon frå Sogn og Fjordane som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege, eller kreativitet og evne til nyskaping», står det på nettsida til fylkeskommunen.

I fjor fekk Kristin Sønnerheim prisen for arbeidet med Aurlandsdalen. Kven som får prisen i år, veit vi ikkje enno.

Årets forslag

  • Anne Regine Sønderland
  • Terje Sølvberg og Helge Hjelle
  • Katrine Sele
  • Svanøy Folkeakademi
  • Kristen Arnestad
  • Teaterfestivalen i Fjaler (Torkil Sandsund, Miriam Prestøy Lie, Ingrid Hansen)
  • Dugnadsgjengen på MS Atløy
  • Stig Høynes
  • Kystmuseet i Sogn og Fjordane
  • Kalvåg kystlag
  • Ten Sing-rørsla/arbeidet i Sogn og Fjordane
  • Per Fossøy
  • Finn Loftesnes og Oddleiv Apneseth
  • Dagfinn Hegg Lunde
  • Per Oddvar Grevsnes
  • Jan Ketil Smørdal
  • Tone Andal
  • Geirr Vetti
  • Margit Fløde
  • Indre Ofredals Vener v/leiar Harald Thune
  • Stryn Ping Pong Club
  • Janne Karin Støylen
  • Florø Taekwondo klubb
  • Torkjell Djupedal
KANDIDAT: Bonde, kulturarbeidar og skribent, Janne Karin Støylen, er ein av dei foreslåtte kandidatane til å få prisen.

KANDIDAT: Bonde, kulturarbeidar og skribent, Janne Karin Støylen, er ein av dei foreslåtte kandidatane til å få prisen. Foto:


Artikkeltags