Dette kjem fram i forslaget til statsbudsjett der det blir føreslege at Fjordane tingrett og Sogn tingrett blir slått saman til ein domstol med hovudsete i Førde. Den nye domstolen frå namnet Sogn og Fjordane tingrett viss Stortinget følger rådet. Regjeringa føreslår også at dagens kontorstader og rettsstader blir haldne oppe.

Rundt 20 tilsette

Den nye tingretten vil dekke eit folketal på om lag 108.000 menneske, og regjeringa tek utgangspunkt i dagens bemanning ved å føreslå at det skal vere om lag 20 tilsette i den nye tingretten. Endeleg avgjerd blir teken i Stortinget i samband med behandlinga av budsjettet for 2017, går det fram av ei pressemelding frå Domstoladministrasjonen.

– Sterkare fagleg miljø

– Dette vil gje eit sterkare fagleg miljø og betre ressursutnytting, seier direktør Sven Marius Urke i Domstoladministrasjonen.

Han understrekar at det har vore avgjerande for prosessen at det har vore full oppslutning om samanslåinga hos dei tilsette i begge domstolane, advokatar og regional påtalemakt. På dette grunnlaget har dei politiske organa i Sogn og Fjordane stått samla bak samanslåinga, påpeikar Urke.

Mowatt er nøgd

– Domstolane står framfor spennande utfordringar i lys av samfunnsutviklinga, mellom anna gjennom heildigitalisering av saksbehandling, seier sorenskrivar Terje Mowatt.

Han er svært nøgd med forslaget og reknar med at det går gjennom i Stortinget.