Stansa ein bil. Både førar og passasjer var 15 år

I natt har politiet i Sogn og Fjordane har hatt litt av kvart å halde fingrane i.

DEL

– Politiet stansa ein bil i Florø i natt, der det viste seg at både passasjer og førar av bilen var 15 år, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre.

Han fortel at begge desse vart henta på staden av foreldra sine.

– Denne hendinga kjem til å bli følgt opp av lokal politi i ettertid, seier Sætre.

Ein til varetekt, ein til legevakt

Utanom denne hendinga, er det i Sogn det har vore mest jobb for politiet i natt.

I Hafslo måtte både politi og ambulanse rykke ut til eit slagsmål.

– To personar braka saman kl. 22.30. Den eine av dei vart slått i bakken og måtte på legevakta, medan den andre måtte i varetekt, seier Sætre.

Han kan fortelje at det er snakk om to menn i 20-åra.

– Ambulansen kom fort til staden og køyrde fornærma til legevakta for å sy, seier Sæter og legg til:

– Dei var godt rusa desse her.

Laga bråk

I kombinasjon med arrangementet Lustrabalder, har det vore uro i Gaupne i natt.

– Klokka 23.07 var det ein person som laga bråk i området. Denne personen vart meldt til politiet for truslar av offentleg tenestemann og ordensforstyrrelse, seier Sæter.

Ein annan person har fått pålegg om å forlate staden.

Artikkeltags