Mann i 60-åra fyllekøyrde for tredje gong

Artikkelen er over 1 år gammel

DOM: I sommar vart han teken for promillekøyring for tredje gong. No må han betale ei saftig bot, og mister lappen i tre år.

DEL

Mannen i 60-åra køyrde bil medan han hadde promille, midt på dagen. Ei blodprøve som vart teken tre kvarter etter køyringa synte at han hadde ein alkoholkonsentrasjon på 0,54 i promille.

Tidlegare domfelt

Tiltalte er tidlegare domfelt for promillekøyring ved to tidlegare høve, noko som var med på å skjerpe omstenda rundt dommen. At køyringa skjedde i eit område og på eit tidspunkt der det normalt vil vere mykje trafikk, gjorde også utslag på dommen.

Tidlegare i haust var saka oppe i Sogn og Fjordane tingrett. Der tilstod den sikta, og samtykte i tilståingsdom. Han vart dømd til 26 dagar i fengsel, og ei prøvetid på to år. Mannen må også betale ei bot på 55.000 kroner.

I tillegg til dette mister mannen førarretten i tre år. For å få tilbake førarkortet, må han avlegge ei ny førarprøve.

Sunnfjordmann dømd for fyllekøyring. Målinga viste 1,7 i promille

Sunnfjording er dømd til tre år og seks månader i fengsel for korrupsjon

Ung fyllekøyrar skulle hatt fengselsstraff, men rettssystemet somla. No slepp han å sone 

Artikkeltags