Dømde for vald og omsorgsvikt

Artikkelen er over 2 år gammel

KRIM: Ein tilsett i barnevernet i Sunnfjord reagerte på forholda borna levde under, men fekk ikkje gjennomslag for sitt syn. No er faren og mora til barna dømde for omsorgssvikt og vald.

DEL

– Ved straffeutmålinga legg lagmannsretten vekt på at det er handlingar som er gjort seg skuldig i over lengre tid og innanfor heimen der born skal kunne føle seg trygge. Handlingane utgjer ei tilleggsbelastning til den emosjonelle omsorgssvikten dei var utsett for, står det i dommen frå Gulating lagmannsrett.

Det var NRK Sogn og Fjordane som først omtala saka.

I perioden november 2010 - september 2012 skal borna ha blitt utsette for vald og omsorgssvikt. I denne perioden var det kontakt mellom mor og barnevern, og sakshandsamaren reagerte på forholda borna levde under og meinte det var grunnlag for omsorgsovertaking. Ho fekk ikkje gjennomslag for sitt syn hos sin overordna. Barnevernet vurderte det slik at det ikkje var grunnlag for det utan at dei tiltalte fekk ein sjanse til å ta vare på borna.

Dei tiltalte er dømde for å gjentatte gongar ha slått, skubba, knipe og kome med trugslar mot borna. Faren er dømd for vald mot begge borna, medan mora for vald mot eitt av borna.

– Når det gjeld denne saka, viser lagmannsretten til at begge borna har fått psykiske skadar som har prega dei og som medfører ein betydeleg risiko for skeivutvikling som kan vare ved, står det i dommen.

Gulating lagmannsrett har dømt faren til eitt år i fengsel og mora til 120 timar samfunnsteneste.

Dei tiltalte skal også betale 70.000 kroner til saman til deira felles son, medan faren også skal betale 70.000 kroner til det andre barnet. Oppreisinga skal utgjere ein kompensasjon til borna for dei krenkingane dei har vore utsette for.

Artikkeltags