Ankar dom for gruppevaldtekt

Ein mann i 30-åra ankar dom for gruppevaldtekt.

DEL

– Ut frå ei heilskapsvurdering er det bestemt å anke, seier advokat Anette Stegegjerde Norberg til NRK Sogn og Fjordane.

Tre brør frå Aust-Europa er tiltalte for å ha valdteke ei kvinne etter tur i Sogndal natt til 6. februar i fjor.

To av dei møtte i tingretten og vart dømde. Tredjemann er på rømmen og er etterlyst internasjonalt.

Vedgjekk valdtekt

Mannen vedgjekk straffeskuld for valdtekt, men vart dømd til fengsel i fire år og seks månader for gruppevaldtekt.

Stegegjerde Norberg seier til NRK at klienten uansett meiner at straffa er sett for høg, og han er usamd i momenta som Sogn og Fjordane tingrett la til grunn ved straffeutmålinga.

Artikkeltags