Dette er område som fekk støtte i 2014, og i tillegg til desse 23, er 15 nye område under utbygging, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune på sine nettsider.

Utbygging for 170 millionar

Sogn og Fjordane har teke imot statstilskot på 58 millionar, noko som løyste ut over 10 millionar kroner frå fylkeskommunen og 10 millionar frå kommunane.

Tek ein med eigendelar frå husstandar og leverandørbidrag, har det vore ei samla breibandutbygging for rundt 170 millionar kroner.

Nye prosjekt

Likevel er det mange stader i fylket som manglar eit fullgodt tilbod. Fylkeskommunen har difor søkt om støtte til tre nye fylkesprosjekt på til saman 40 millionar.

I haust skal Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) fordele 126,5 mill. kroner i statsstøtte til kommunar og fylkeskommunar i heile landet, og dei tre søknadane frå fylket er som følgjer:

Søknad A: Inneheld 17 kommunar med 20 prosjekt, totalt 1423 husstandar. Aurland (Flåmsdalen), Askvoll (Atløy), Balestrand (Lånefjorden), Flora (Øyapakke 1 - Svanøy og Askrova) ), Førde (Haukedalen), Eid (Vest for Nordfjordeid), Gloppen (Byrkjelo Sør og Hope i Hyen), Gulen (Dingja og Norgulfjorden), Hyllestad (Hyllestad omland), Lærdal (Erdal), Luster (Jostedalen Nord), Selje (Lesto-Salt og Årvika-Honningsvågen), Solund (Nord-Solund), Sogndal (Fjærland), Stryn (Markane – Rand), Vik (Arnafjord), Årdal (Øvre Seimsdalen og Fardalen).

Søknad B: Inneheld fire kommunar med kvart sitt prosjekt, totalt 423 husstandar. Gaular (Sande – Viksdalen), Flora (Øyapakke 2 - øyar som ikkje er del av Øyapakke 1) ), Jølster (Eikås), Naustdal (Midtredalen).

Søknad C: Inneheld 5 kommunar med 6 prosjekt, totalt 804 husstandar. Askvoll (Rivedal), Eid (Haugen), Eid (Eidsbygda), Hyllestad (Leirvik), Stryn (Olden omland), Vågsøy (Nygård og Blålid).