Arbeidsløysa redusert med 12 prosent sidan 2016

Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane

Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SOGN OG FJORDANE: I desember er det 878 heilt arbeidsledige i Sogn og Fjordane. Det er 86 færre enn for eitt år sidan.

DEL

Med ei arbeidsløyse på 1,5 prosent, har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet. Dette skriv NAV i ei pressemelding.

På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 17 prosent frå desember i fjor. 2,4 prosent av arbeidsstyrken er no ledig på landsbasis.

Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane, meiner arbeidsmarknaden er inne i ei positiv utvikling.

– Spesielt på vestlandet. Prognosen vår for det komande året syner at den positive utviklinga vi har sett i år vil halde fram i 2018. Tala våre syner at arbeidsløysa i Sogn og Fjordane kan bli redusert med 11 prosent samanlikna med i år, fortel Thorsnes.

Størst reduksjon i Vågsøy

Vågsøy har den største reduksjonen i arbeidsløyse med 29 færre ledige enn på samme tid i fjor. Flora har størst auke, med 16 fleire ledige.

Hyllestad har høgast arbeidsløyse, med 3,9 prosent og Hornindal med 0,5 prosent og Gloppen med 0,6 prosent, har lågast arbeidsløyse.

I desember er det 85 heilt permitterte i fylket vårt, det er 31 færre enn same månad i fjor. Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan industri, med 51 færre ledige enn i desember i fjor.

Fleire nye stillingar

Ledige stillingar har auka med 43 prosent, samanlikna med fjoråret. Auken er størst innan undervising og serviceyrket, men det er flest ledige stillingar innan industri. Mange av dei registrerte stillingane gjeld ferievikarar for sommaren 2018.

Artikkeltags