Maritim Foreining Sogn og Fjordane skipar ny industriklynge

BLIR NASJONALT: Innovasjon Norge har teke Maritim Forening Sogn og Fjordane si klyngesatsing på hydrogen opp i det nasjonale Arena-programmet. Offentleggjeringa skjedde i Oslo torsdag denne veka. Frå venstre Trond Strømgren og Stein Kvalsund, Maritim Foreining Sogn og Fjordane, Ingrid Riddervold Lorange, Siva, Erling Holden, Høgskulen på Vestlandet, Anita Krohn Traaseth, Innovasjon Norge, Per Jørgen Silden, Skipskompetanse, Elisabet Kjerstad Bøe, Sogn og Fjordane fylkeskommune. Foto: Tom Hansen/Innovasjon Norge

BLIR NASJONALT: Innovasjon Norge har teke Maritim Forening Sogn og Fjordane si klyngesatsing på hydrogen opp i det nasjonale Arena-programmet. Offentleggjeringa skjedde i Oslo torsdag denne veka. Frå venstre Trond Strømgren og Stein Kvalsund, Maritim Foreining Sogn og Fjordane, Ingrid Riddervold Lorange, Siva, Erling Holden, Høgskulen på Vestlandet, Anita Krohn Traaseth, Innovasjon Norge, Per Jørgen Silden, Skipskompetanse, Elisabet Kjerstad Bøe, Sogn og Fjordane fylkeskommune. Foto: Tom Hansen/Innovasjon Norge Foto:

Av

NÆRINGSLIV: Norge skal bli best i verda på å bruke hydrogen som energiberar - no får dei støtte.

DEL

Torsdag offentleggjorde Innovasjon Norge at Maritim Foreining Sogn og Fjordane får nasjonal støtte til å opprette Arena-klynga Ocean Hyway Cluster.

Klynga skal femne om bedrifter som er kopla opp mot hydrogenbruk i dei havbaserte næringane, melder Firdaposten

Hensikta med satsinga er å sikre at Noreg blir leiande i verda på bruk hydrogen som energiberar, heiter det i ei pressemelding.

Leiande næringsliv

Det maritime næringslivet på Vestlandet er verdsleiande på design og bygging av ulike type fartøy. Noregs største ferjereiarlag har hovudkontor i Florø. Samstundes har regionen overskot av fornybar energi og her finst fleire aktørar som er spesialiserte innan prosessindustri.

Dei siste åra har Maritim Foreining Sogn og Fjordane og eit breitt utval næringsaktørar arbeidd med å nytte desse fortrinna og legge til rette for bruk av hydrogen til nullutslepp framdrift av fartøy.

– No ser vi fruktene av arbeidet vårt, seier Stein Kvalsund, dagleg leiar i Maritim Forening Sogn og Fjordane i pressemeldinga.

– Det gode samarbeidet med næringslivet og styresmaktene gjer at vi no kan etablere ei klynge med dei beste aktørane og bidra til auka verdiskaping i Noreg.

Nasjonalt og globalt fokus

Opphavleg var klynga i hovudsak fokusert på næringslivet i Sogn og Fjordane.

– Under arbeidet med den omfattande søknaden opplevde vi uventa stor respons frå næringslivet utanfor regionen og internasjonalt, seier Trond Strømgren, seniorkonsulent fornybar energi og verdikjede hydrogen i Maritim Forening.

– Dette tok vi konsekvensane av og har no sikra deltaking og støtte frå leiande verksemder verda rundt. Mellom anna er det japanske gigantkonsernet Toshiba med i klynga. Det er vi svært stolte av, avsluttar Strømgren.

Mange prosjekt

Produksjon av hydrogen frå elektrisk straum er ei etablert næring i Noreg. Hydrogenbilar er i bruk og i fritt sal. Utvikling av hydrogenteknologi til framdrift av passasjerbåtar og andre fartøy er no i sluttfasen. Neste steg er kommersialisering og rundt om i verda har fire hydrogenfartøy snart byggestart. Eitt av desse er bilferja som Statens vegvesen har bestilt og som skal vere klar til drift i Rogaland i 2021. Andre norske prosjekt under arbeid er mellom anna hydrogendriven passasjerbåt, oppdrettsbåt og PSV (supplybåt), nullutslepps fiskeoppdrettsanlegg, offshore hydrogenproduksjon med leveransar til plattformer og hydrogenproduksjon kopla opp mot landbasert opprett.

Innovasjon Norge ser stor nytteverdi

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen deltok på seansen i Oslo. Han framheva kor viktige dei norske industriklyngene er for verdiskaping og utvikling av nye løysingar og teknologi. Deretter offentleggjorde Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Noreg, John-Arne Røttingen i Forskingsrådet og Ingrid Riddervold Lorange frå Siva dei nye Arena-klyngene.

– Konkurransen har vore knallhard. Av dei mange gode søknadane er det no dei sju beste klyngene vi tek opp som nye medlem i det nasjonale klyngeprogrammet, seier Traaseth.

 – Maritim Forening Sogn og Fjordane sin søknad har med heile verdikjeda og er tufta på ein berekraftig idé. Innovasjon Noreg ønsker lykke til i det vidare arbeidet, avsluttar Anita Krohn Traaseth.

Samarbeid gir styrke

– Det har vore ei god oppleving å registrere kor mykje støtte vi har fått undervegs i søknadsprosessen det siste halvåret, seier Kvalsund og Strømgren.

– Vi vil nytte høvet til å takke næringsaktørar, Sogn og Fjordane fylkeskommune, FoU-aktørar, høgare utdanningsinstitusjonar og offentlege bidragsytarar for konstruktivt samarbeid og gode innspel. No brettar vi opp ermane og lovar å gjere alt vi kan for å bidra til auka verdiskaping og for at Noreg skal ta ein leiande internasjonal posisjon, avsluttar dei to.

Artikkeltags