Dobbelt så mange fekk etablerartilskot

Hjørdis Vik.

Hjørdis Vik. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Mindre til fiske og forsking, men meir til etablerarar og miljøteknologi.

DEL

Innovasjon Norge Sogn og Fjordane skriv i ei pressemelding at det i fjor vart delt ut 323 millionar kroner i lån og tilskot.

Av desse midlane gjekk om lag 15 millionar kroner til etablerartilskot fordelt på 51 gründerar av 64 som søkte. Det er over dobbelt så mange som i 2014, då 21 av 26 søkarar fekk. I 2013 fekk berre fem tilskot, men det var også berre 10 søkarar.

- Lokalt har vi ei dobling av løyvingane når det gjeld etablerartilskot. Det tyder på god mobilisering og stor aktivitet blant gründerspirar i fylket. Auken i andelen risikolån og stønad til miljøteknologi viser også at det etablerte næringslivet i Sogn og Fjordane er framoverlente og jobbar med nyskapande og krevjande utviklingsprosjekt, seier avdelingsleiar Hjørdis Vik i pressemeldinga.

Totalt er det ein nedgang i støtta til næringslivet i Sogn og Fjordane på 15 prosent. Vik forklarer dette med reduserte midlar øyremerkte til distrikta, men også at variasjonar store finansieringssaker frå år til anna verkar inn på sluttsummen.

Lån og tilskot i 2015

  MNOK% endring frå 2014
LågrisikolånIndustri og tenester44,5-7 %
 Landbruk--
 Fiskeflåte77,2-58 %
Risikolån og garantiarAlle næringar73,2142 %
TilskotDistriktsmidlar (bedriftsutvikling og investeringar)20,2-38 %
 Etablerartilskot14,8133 %
 Miljøteknologi7,2163 %
 Forsking/utvikling6,2-15 %
 Klynger og nettverk4,6134 %
 Landbruk524 %
 Andre program-, satsing- og utviklingsmidlar23,672 %
SUM 323-15 %

Artikkeltags