Fleire beslag av ulovlege laksegarn i vest

Av

Statens naturvernoppsyn (SNO) sitt arbeid viser at talet på ulovleg sette garn og lenker har auka. Hordaland og Sogn og Fjordane er to av fylka som har størst problem med ulovleg laksefiske.

DEL

SNO har fått fleire ressursar å setje inn for å forhindre ein auke i kriminaliteten. På Vestlandet har dei lenge jobba for å få opp lakesbestanden. Anders Voss Thingnes, fagleg ansvarleg for lakseoppsyn i Hordaland, fortel at dei besøkjer område der dei veit det er sett ut ulovlege garn tidlegare. Hordaland er på landstoppen over ulovleg laksefiske, seier han til Bergens Tidende.

Hittil i år er det inndrege fire ulovleg garn på Vestlandet, tre i Førdefjorden og eitt i Hardangerfjorden, ifølgje seksjonsleiar i Statens naturoppsyn Arne Johnsen. I fjor drog tilsynet opp eit garn på 300 meter i Førdefjorden.

Johnsen legg til at det er heilt andre reiskapar som blir brukt no enn tidlegare, og at dei derfor mistenkjer at det er fiskarar som driv ulovleg fiske med økonomisk motiv. Dei små garna, eller hyttegarna, er på veg bort, men brota blir grovare og skalaen på garna aukar, seier Johnsen til BT.

Artikkeltags