Overgrepsmottaket kan snart vere historie

Katja Ann Nielsen synest det er skummelt å tenkje på at menneske som lever med vald i nære relasjonar eller er utsette for seksuelle overgrep, ikkje får den hjelpa dei treng viss overgrepsmottaket vert lagt ned. Frå venstre Helge Ulvestad og legevaktsjef Øystein Furnes.

Katja Ann Nielsen synest det er skummelt å tenkje på at menneske som lever med vald i nære relasjonar eller er utsette for seksuelle overgrep, ikkje får den hjelpa dei treng viss overgrepsmottaket vert lagt ned. Frå venstre Helge Ulvestad og legevaktsjef Øystein Furnes. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Fagfolk og politi vil ha overgrepsmottaket til Førde sentralsjukehus, men kommunane som eig mottaket vegrar seg.

DEL

Dette skriv NRK Sogn og Fjordane onsdag.

Kommunane hadde frist til nyttår med å finansiere tilbodet. Ettersom dei ikkje er blitt samde, betyr det at dei tilsette ved overgrepsmottaket får oppseiingsbrev i posten i løpet av denne veka.

– Vi er avhengige av ein total oppslutnad rundt overgrepsmottaka i fylket for å etablere eit overgrepsmottak. Det er veldig trist å ikkje kunne gje den hjelpa vi er gode på, seier Katja Nielsen ved overgrepsmottaket ved Førde sentralsjukehus til NRK.

Ikkje samde om ansvarsfordeling

Kommunane i fylket har ikkje klart å bli samde om den framtidige organiseringa. Kimen til usemje er at staten har vedteke ei ny ansvarsfordeling. Kommunane ved legevaktene har fått ansvaret for vald i nære relasjonar, medan sjukehusa skal ta seg av overgrepsoffer.

– Det er rett og slett ein trussel mot dei overgrepsutsette som treng oss. Det er skummelt å tenke på at menneske som lever med vald i nære relasjonar eller er utsette for seksuelle overgrep, ikkje får den hjelpa i form av den kompetansen som er opparbeidd, seier Nielsen.

Vil ha overgrepsmottaket i Førde

Kommuneoverlege og legevaktsjef Øystein Furnes i Førde meiner oppdelinga ikkje er fornuftig og har forsøkt å samle alt på dagens overgrepsmottak på sentralsjukehuset i Førde.

– Ved legevaktene vil ein ikkje få den erfaringa og kunnskapen som ein vil kunne ha ved overgrepsmottak der ein jobbar med den problemstillinga til vanleg.

Manglande kunnskap kan setje rettstryggleiken i fare, seier Furnes.

– Det er uheldig på fleire måtar. Ein risikerer å få ei sak som ikkje held i retten, fordi spor og historie ikkje er dokumentert på ein måte som held. Det andre er å bli møtt av fagpersonar som har erfaring med å møte personar som er utsette for overgrep og grov vald.

Artikkeltags