Sogn og Fjordane skal undersøke folkehelsa – 20 000 innbyggarar er inviterte med

VIKTIG: Fylkesordførar meiner det er viktig at mange deltar i helseundersøkinga.

VIKTIG: Fylkesordførar meiner det er viktig at mange deltar i helseundersøkinga. Foto:

Denne veka får rundt 20 000 innbyggarar i fylket SMS eller e-post om ei undersøking som handlar om livskvalitet, helse og levevilkår.

DEL

– Vi vil legge til rette for god livskvalitet i Sogn og Fjordane. Resultata frå undersøkinga skal hjelpe oss med dette, og eg håpar difor at så mange som mogleg tek seg tid til å svare, seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Fylkeshelseundersøkinga er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Folkehelseinstituttet. Undersøkinga ser på folkehelsa vår. I praksis tyder det levekår og livskvalitet til innbyggarane i fylket.

– Slike undersøkingar kan gi oss kunnskap om korleis folk opplever helsa si og om trivsel i nærmiljøet, seier Følling.

Resultata med inn i Vestland fylke

Alle som er invitert til å vere med i undersøkinga, er over 18 år, og dei blir kontakta via SMS eller e-post.

Resultata frå undersøkinga skal hjelpe både fylkeskommunen og kommunane med å legge til rette for gode levevilkår og livskvalitet. Fylkeskommunen ønsker at så mange som mogleg svarer, slik at dei får eit best mogleg datagrunnlag.

– Vi tar med oss resultata inn i Vestland fylke. Hordaland gjennomførte same undersøking i fjor, så no får vi same datagrunnlag for heile det nye fylket, skriv Følling i pressemeldinga.

Artikkeltags