No kan du skilje deg på nettet

ILLUSTRASJONSFOTO: Gift ved første blikk. Skilt ved første klikk? No har Fylkesmannen gjort skilsmissesøknaden digital.

ILLUSTRASJONSFOTO: Gift ved første blikk. Skilt ved første klikk? No har Fylkesmannen gjort skilsmissesøknaden digital. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SOGN OG FJORDANE: – Men viss du er på fest og det blir litt usemje, er det moglegheiter for å angre, seier prosjektleiaren.

DEL

Fylkesmannen har no gjort søknadsskjemaet for skilsmisse tilgjengelig på nett. Ein kan difor sende inn søknad om skilsmisse digitalt, dersom ein har vore separert i eitt år.

Målet er å gjere søknadsprosessen raskare og tryggare. Men prosjektleiar Jørgen Tistel legg ikkje skjul på at han har litt blanda kjensler.

– Det er litt spesielt å skulle publisere eit skjema som eg ikkje anbefalar nokon å bruke, seier han.

Kan trekke søknaden

Men du treng ikkje uroe deg for å vakne opp skilt neste dag. Tistel forsikrar om at begge partane må vere involvert i søknaden.

– Ein kan sende inn søknad åleine, men då vil Fylkesmannen ta kontakt med den andre ektefellen, seier han, og held fram:

– Det er også mogleg å trekke ein søknad. Så viss du er på fest og det blir litt usemje, er det moglegheiter for å angre.

For ganske nøyaktig eitt år sidan blei søknadsskjemaet for separasjon gjort tilgjengeleg på nettet. Erfaringsmessig fortel prosjektleiaren at mange har trekt søknadane sine om separasjon.

Ventar ikkje fleire skilsmisser

Det var klokka 12 denne fredagen at tilbodet blei tilgjengeleg. Digitaliseringa av skilsmissesøknaden har vore eit landsomfattande prosjekt. Prosjektleiar Tistel seier at dei ikkje ventar fleire skilsmisser som følge av digitaliseringa, men trur at prosessen blir enklare og smidigare for dei som treng tilbodet.

– Det er ikkje for at fleire skal skilje seg at vi gjer dette, understrekar prosjektleiaren.

Artikkeltags