Blei konstituert i statsråd – fram til 2019

FYLKESMANNEN: Anne Karin Hamre har no hatt jobben i 6 år, og åremålet måtte anten fornyast eller avsluttast. Ho er no konstituert mellombels, fram til samanslåing med Hordaland om eitt og eit halvt år.

FYLKESMANNEN: Anne Karin Hamre har no hatt jobben i 6 år, og åremålet måtte anten fornyast eller avsluttast. Ho er no konstituert mellombels, fram til samanslåing med Hordaland om eitt og eit halvt år. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FYLKET: Anne Karin Hamre blei i dag konstituert til mellombels fylkesmann i Sogn og Fjordane.

DEL

1. januar 2019 skal Sogn og Fjordane og Hordaland etter planen slåast saman. Då skal det tilsettast ein fylkesmann for begge dei to fylka. Kven det blir, eller kvar fylkesmannen skal halde til, er eit spørsmål som kan få mykje å seie i samanslåingsprosessen framover.

Sanner er nøgd

– Vi får behalde ein dyktig fylkesmann med brei og solid erfaring, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, i ei pressemelding.

At Hamre no er konstituert som mellombels fylkesmann betyr at ho skal gjere den same jobben som ho har gjort i seks år. Konstituert og mellombels er fordi fylkesmannsjobben no berre varar i knappe to år, ikkje seks år som vanleg.

20 år på fylkeshuset

Anne Karin Hamre (51) har hatt sin første åremålsperiode som fylkesmann i Sogn og Fjordane. Ho er utdanna cand.polit. innan administrasjons- og organisasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen. Hamre starta å arbeide i embetet i 1998 som informasjons- og organisasjonskonsulent. Ho har òg arbeidd som rådgjevar, administrasjonssjef og assisterande fylkesmann i embetet før ho i 2011 vart utnemnd som fylkesmann. Noverande åremål går ut 19. juni 2017.

Artikkeltags