Vil få fleire til å satse på frukt og bær

MEIR FRUKT OG BÆR: F.V: Sigurd Molvik, Anders Felde, Ragnhild Helgheim og Stein Harald Hjeltnes på landbruksmessa AgroNordVest i Loen. Der starta prosjektet om å få fleire bønder til å satse på frukt og bær opp.

MEIR FRUKT OG BÆR: F.V: Sigurd Molvik, Anders Felde, Ragnhild Helgheim og Stein Harald Hjeltnes på landbruksmessa AgroNordVest i Loen. Der starta prosjektet om å få fleire bønder til å satse på frukt og bær opp. Foto:

LANDBRUK: Landbruksselskapet skal bruke 1,8 millonar kroner til eit prosjekt som skal få opp frukt og bærproduksjonen i Sogn og Fjordane.

DEL

– Det er eit behov i marknaden for meir frukt og bær. Dette ser vi ved at vi importerer mykje frykt og bær. Samstundes er det frå politikarane si side i jordbruksoppgjeret stimulert at vi skal produsere frukt og bær. Då tenkte vi som så at det må bidra til at skjer, seier leiar for Sogn og Fjordane landbruksselskap, Anders Felde.

Difor har Sogn og Fjordane Landbruksselskap fått med seg Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane på eit mobiliseringsprosjekt som skal få opp dyrkinga av frukt og bær i fylket vårt. Prosjektet starta i samband med landbruksmessa AgroNordest i Loen i helga, og er planlagt å gå over tre år.

– Det er heilt avgjerande at vi har fått med oss desse. Det er fylkeskommunen som har finansiert halvparten av prosjektet, og sparebankstiftinga har finansiert resten. Utan dei to hadde det ikkje blitt noko prosjekt, seier Felde om prosjektet som har ei kostnadsramme på 1,8 millionar kroner.

Frå kjøt og mjølk til frukt og bær

Å få bøndene til å skifte beite, skal, ifølgje Felde, skje ved at dei skal motivere bønder som i dag driv med andre produksjonar til å vurdere å produsere frukt og bær. I tillegg ønsker ein at dei bøndene som alt driv med frukt og bær skal auke opp arealet sitt.

– Kva skal til for å få bøndene til å byte ut Dagros med frukt eller bær?

– Det vi har tenkt i prosjektet, er at vi skal reise rundt til dei ti kommunane i Sogn og Nordfjord der det er aktuelt å produsere frukt og bær. Der vil vi halde informasjonsmøte for å få fleire til å hive seg på. Deretter må ein rådgje inn mot kvart enkelt gardsbruk, og motivere og vise korleis dette kan gjerast for å få det til, seier Felde.

Større risiko, men meir avkastning

– Frukt- og bærproduksjon inneber ein større risiko enn kva det er ved kjøt- og mjølkeproduksjon. Men gevinsten kan også vere betre om alt vert gjort rett. For å redusere risikoen, må ein gjere alt riktig og til rett tid. Det er ingen enkel produksjon, men det er ei fin oppside om ein er flink og heldig med vêret, seier Felde, og legg til at innteningsmoglegheitene er betre enn i kjøt- og mjølkenæringa.

Vi har ein overproduksjon på dei fleste kjøtslag, med unnatak av storfe. Det er viktig at vi tek tak i dei produksjonane som har moglegheiter i marknaden, der har vi eit ansvar om å produsere det som forbrukarane spør etter, seier Felde om bakgrunnen til prosjektet, som skal verte leia av Njøs Næringsutvikling.

Artikkeltags