Jon Georg har vore trenar, instruktør, tillitsvald, kretsleiar og har over 500 A-lagskampar. Då blir ein sjølvsagt heidra

ELDSJEL: Jon Georg Rutledal (t.v.) fikk NFTs pris som Årets trenerildsjel av æresmedlem Anders Fægri under åpninga av Cupfinaleseminaret fredag.

ELDSJEL: Jon Georg Rutledal (t.v.) fikk NFTs pris som Årets trenerildsjel av æresmedlem Anders Fægri under åpninga av Cupfinaleseminaret fredag. Foto:

FOTABLL: Jon Georg Rutledal vart kåra til Årets trenareldsjel under årets Cupfinaleseminar på fredag.

DEL

Kåringa er det Norsk Fotballtrenerforening som står for, og blant fire kåringar fekk den rutinerte Tornado Måløy og fotballkrins-veteranen heider for si særs lange tenestetid. Og Rutledal er framleis aktiv innan fotballen.

Foreininga peikar på Rutledal som ein mann som har levd for fotballsporten i heile sitt liv, og som har ein sterk lidenskap for krafta i sporten. Dei omtalar han som ein som verkar roleg og omtenksam, men som er ein tydeleg autoritet i kraft av si erfaring og faglege dyktigheit.

Lang liste

Kva som kvalifiserte han til eldsjelprisen var det liten tvil om blant Norsk Fotballtrenerforening:

Parallelt med jobben som skulelærar har Rutledal vore trenar, leiar og tillitsvald for sin lokale klubb og krins i nærare 40 år. I tillegg har han spelt over 500 kampar på A-laget i sin heimkommune.

Rutledal har også UEFA B trenarlisens og har vore instruktør og trenarrettleiar. Han har også vore styremedlem og kretsleiar i Sogn og Fjordane fotballkrins over mange år. I tillegg har han trent fleire fotballag, og gjennom kretsen har ei rekke trenarar fått nyte godt av hans kunnskap og erfaring som instruktør og rettleiar, skriv forbundet i si grunngjeving.

Pensjonist som bidreg framleis

Rutledal er no aktiv pensjonist, men nyttar likevel mykje av tida på fotball i klubb og krets. Han er mellom anna framleis nestleiar i fotballkrinsen i Sogn og Fjordane.

Sidan oppstarten av Norsk Fotballtrenerforening har han også vore medlem. Over mange år har han vore ein aktiv medspelar for å skape eit fruktbart trenarutviklingsmiljø i eigen krins.

Artikkeltags